Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel
Lest i oktober:
Tore Renberg - Tollak til Ingeborg - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Øistein Borge - Bastarden - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anne-Britt Harsem - Den mørke hemmeligheten i Tysfjord - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Alex Michaelides - Den tause pasienten - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Nabovarsel - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Håkan Nesser - Den sørgmodige bussjåføren fra Alster - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Hans Olav Lahlum - Reiulf Steen - historien, triumfen og tragediene - Biografi - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Den tredje engelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Svaret. Haakon & Maud 6 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Frits de Bourg - Dykket - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
6 lyd, 3 papir, 3 ebøker
7 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
9 norske, 2 britiske, 1 svensk
9 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Harsem, Michaelides
Eg er svært nøgd med blogge- og lesemånaden oktober! Heile 12 bøker lest og mange av dei var skikkeleg gode leseopplevingar. Dessutan har eg fått skrive 3 bokomtalar og 1 samleomtale - så dermed føler eg meg meir ajour enn på lenge.
Det er umuleg å trekka fram eit enkelt høgdepunkt fordi eg har lest såpass mange bra bøker. Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen er rett og slett ein av dei beste politiske biografiane eg har lest nokon gong. Del 6 i biografiverket Haakon & Maud, Svaret, har eit oppsiktsvekkjande innhald, men er noko tyngre å lesa enn dei føregåande bøkene. Nabovarsel startar grøssande skummelt, slik me veit Lindell kan det, men undervegs endrar det seg noko slik at eg ved dette høvet "berre" gir terningkast 4. Eg hadde nemleg skyhøge forventningar til denne boka.
Sterkast inntrykk gjorde dokumentaren frå Tysfjord; om "Liv" og hennar historie. Anne-Britt Harsem fortel i denne boka om ei jente som vart utsett for vald, mishandling og misbruk i heile barndommen. "Liv" bar alle teikn på at ho var utsett for vald og seksuelle overgrep, men det var ingen som sa frå og ingen som gjorde noko. Det er ei heilt utruleg; grusomt og hjerteskjerande. Det er mange som i ettertid kan føla på både skuld og skam. Les
forkorta versjon i VG.
Største nedtur og skuffelse kom med den overhypa og oppskrytte Den tause pasienten. Den var etter mi meining uspennande og treg og inneheld for mykje psykosnakk og kunstprat. Må likevel innrømma at eg vart overraska over løysinga på det heile, så eg spanderer eit terningkast 3.
Til slutt kan eg nemna at eg lånte og leverte tilbake ei bok - ulest - denne månaden. Den psykologiske thrilleren Krypdyrmemoarer, som har fått så mykje merksemd, vart henta på biblioteket. Trass i høge terningkast og sal til utlandet kjende eg på ein veldig uvilje mot boka, så eg kom aldri i gang med den.
Og når eg tenkjer meg om: Det er lurare å satsa på bøker som eg har lyst til å lesa.
Flott bokbunke du har vært gjennom i oktober! Jeg har lest fire av dem, og er nå igang med Håkan Nesser. Vi har ganske likelydende terningkast, bortsett fra Den tause pasienten som jeg likte godt (sikkert pga. kunstsnakket) Krypdyrmemoarer likte jeg også godt, men jeg er enig med deg, vi må lese bøker som tiltaler oss. God helg Berit!
SvarSlett(Beklagar seint svar)
SlettLivet er for kort til å lesa bøker som ikkje passar oss, tenkjer eg. Og ja, sidan eg ikkje bryr meg om kunst (etter mitt syn er det så mykje som er stygt og rart) vart Den tause pasienten "feil bok" for meg.
Vi er veldig enige om Nygårdshaug og Renberg. Jeg likte også Bastarden, Pasienten og Krypdyrsmemoarene. Ser du likte Bastarden da. Og Harsems bok fra Tysfjord , helt for jævlig.
SvarSlettUsikker på om jeg har lest Dykket, leste i alle fall de Bourgs første bok og skulle gjerne lest flere, men så er det bare alt for mange bøker. Jeg leser jo veldig mye annet enn krim også.
Leser forresten Lahlums siste bok, Oppdraget, nå. Spennende og intens retrothriller fra 2. verdenskrig .
God november til deg Berit :)
(Som sagt; beklagar sein tilbakemelding)
SlettDet er herleg at Nygårdshaug er like sprudlande og særprega som han alltid har vore.
De Bourg har også funne sin eigen stil. Eg set pris på dei krimforfattarane som finn sin eigen veg. Så difor likar eg også Lahlum.
'Oppdraget' har eg ikkje lest, noterer meg den.