Hausten 2020 er ein uvanleg sterk norsk krimhaust. For sanneleg har dei utgitt nye bøker alle saman i sommar/haust: Jo Nesbø, Karin Fossum og Unni Lindell. Tom Egeland, Jørgen Jæger og Jørgen Brekke. Jan-Erik Fjell, Jørn Lier Horst og Frode Eie Larsen. Anne Holt, Merete Junker og Hans Olav Lahlum. Gert Nygårdshaug, Kjell Ola Dahl og Jan Mehlum. Alle kjente og (meir eller mindre) kjære for oss som er glade i krim. Nokre av årets bøker har eg lest, nokre ventar eg på å få lesa, andre vert ikkje prioritert enno og skal lesast på eit seinare tidspunkt.
Bakom synger døden (Fossum) har alt blitt omtalt her (i samleomtale saman med eit par svenskar) og Kongeriket (Nesbø) har fått ein eigen omtale. Her kjem fem andre korte vurderingar/omtalar.
Gråsonen av Jan-Erik Fjell
Capitana 2020352 sider
Lånt ebok BookBites
Hyggeleg gjensyn med Anton Brekke og Magnus Torp. Ei mistenkeleg drukningsulukke har muleg samanheng med ei gammal sak som Anton var involvert i då han var ung politiaspirant. Mykje tyder på at politiet tabba seg ut og pågreip feil person den gongen.
Eg likar Fjell sin skrivestil og forventningane mine var høge til den 7. boka i serien. Dei vart i stor grad innfridde. Boka er enkel og lettlest, men manglar litt av den nerven og dei uventa vendingane som tidlegare bøker i serien har hatt.
Dermed vert det eit knepp ned frå forrige bok, Gjemsel. Terningkast 4.
Andre guder av Jørgen Brekke
Vigmostad Bjørke 2020145 sider
Lånt ebok BookBites
Fyrste del i ein
planlagt bokserie med
dei ti boda som tema. Tanken er at det skal komma ut ti romanar om kvart sitt bod, skrivne av ti ulike, norske forfattarar.
Fyrste bod er "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg" og Brekke sitt bidrag i samband med det er ein krimroman av typen kortroman/lang novelle. Det handlar om eit slags trekantdrama, og me får to av dei impliserte sine versjonar av det som skjer.
Ei (krim)bok treng slett ikkje vera omfangsrik og tjukk for å vera god, men Andre guder er for tynn, både innhaldsmessig og bokstavleg. Terningkast 3.
Nå har natten alt av Jørgen Brekke
Gyldendal 2020381 sider
Lånt ebok BookBites
Enno ei bok av Brekke, og dette var "andre boller". Her prøver han seg på
psykologisk thriller-sjangeren, og det er ganske vellukka. Eg får assosiasjonar til Torkil Damhaug sine bøker, men Brekke går ikkje så djupt inn i menneskesinnet som det Damhaug gjer.
Som i boka til Fjell over handlar det om eit muleg justismord. Både tilståing og DNA-funn tyder på at vedkommande som vart sikta og dømt for valdtekt og drap på unge Liv var den skuldige. Sju år etter vert ein forfattar oppsøkt av syster til offeret med nye opplysningar. Kan det verkeleg vera ein annan gjerningsperson?
Eg likte måten boka er bygd opp på og korleis historia endrar seg etter
kvart som me får kjennskap til dei ulike personane sine handlingar.
Terningkast 4+.Hjerteløs av Jørgen Jæger
Capitana 2020463 sider
Lånt ebok BookBites
Så; enno ein Jørgen. Denne gongen Jæger.
Det handlar om våre gamle kjenningar Ole Vik, Cecilie Hopen og om liv og virke i Fjellberghavn. Sidan det er 12. bok i serien er omgjevnadene kjende for oss, men Jæger skal ha for at han alltid er oppdatert og skriv om samfunnsaktuelle problemstillingar. Ein kan sei at Jæger er politisk korrekt, men av og til er det det som er det rette.
I Hjerteløs er det Cecilie Hopen som må leia opptil fleire vanskelege saker, medan Ole Vik er mest opptatt av familien og Marte si helse. Journalistdrap, organtjuveri, mafiaverksemd og flyktningpolitikk er stikkord for handlinga.
Terningkast 4+.
431 sider
Lånt papirbok privat
Frittståande, men me møter att enkelte karakterar frå tidlegare bøker. Startar veldig friskt, etter kvart litt tregt, før det vert rimeleg spennande mot slutten.
Det handlar om finansakrobatikk og mafiaverksemd og påkjenningar som dei grotesk rike kan bli utsett for, som for eksempel kidnapping og utpressing. Tankane går gjerne til TV-serien
Exit og til det som no vert kalla
Lørenskog-saka - utan samanlikning elles.
Kongen er OK tidtrøyte, men Egeland har levert betre før.
Terningkast 4.
Enig ang Jæger og Fjell. Andre gudar likte jeg også, men den når ikke opp mot Singsaker-serien, langt i fra. Men det er morsomt å lese at han skriver noe annet. De andre bøkene har jeg ikke lest.
SvarSlettKongeriket holder jeg på med, men den har tatt lang tid fordi jeg har vært borte ifb med konfirmasjon noen dager og det ble lite tid til lesing. Er vel ferdig senest i morgen, tenker jeg.
Ha en fin dag Berit.:)
Brekke skal ha for at han prøver seg på noko anna enn det han har hatt suksess med, dvs. Singsakerserien.
SlettAv og til kjem andre ting "i vegen" for lesing. Slik er livet :-)
Ja, det er det absolutt. Har lest ferdig i dag. Kommer en liten omtale etterhvert. Likte den ganske godt, men vet ikke om det er at lesinga ble oppstykket eller boka i seg selv som gjorde at den ikke engasjerte like mye hele veien, Uansett; totalt sett var dette en god spenningsbok og en røre av et plott.
SlettMacbooken min har tatt kvelden, tvilsomt om den er fiksbar, venter på svar fra forsikringen før jeg reparerer eller skaffer ny. Inntil videre får jeg bruke en annen maskin. Tror jeg skal kjøpe meg en ipad i morra. Fikk penger i bursdagen som jeg kan legge i den. Signert Unknown Artemisia.
Det er gøy når forfattere skriver noe annet enn det vi er vant med, men litt vanskelig å omstille seg av og til. Bortsett fra Hjerteløs som sitter spikret i hukommelsen, så er vi temmelig enig om terningkastene :)
SvarSlett.. og det er sikkert gøy for forfattarane å driva med andre/nye ting, tenkjer eg.
SlettEg veit at du er veldig glad i Jæger og Ole Vik-serien. Det er i grunnen eg óg, men eg er vel meir kritisk/kresen.