Påbyrja i april, fullført i juni:
Mona Ringvej - Landet mot nord - Norsk historisk dokumentar - Papirbok fått i julegåve
Påbyrja i mai, fullført i juni:
Arne Dahl - Misterioso (A-gruppen #1) - Svensk krim - Lyd Storytel
Inger Johanne Øen - Det du eier evig (Silja Frost #1) - Lånt ebok BookBites
Lese i juni:
Arne Dahl - Ondt blod (A-gruppen #2) - Svensk krim - Lyd Storytel
Sigbjørn Mostue - Skyggefolket (Even Stubberud #3) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arne Dahl - Blind jakt (A-gruppen #3) - Svensk krim - Lyd Storytel
Arne Dahl - Europa blues (A-gruppen #4) - Svensk krim - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Skomakeren (Melkior Mussenden #4) - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Arne Dahl - Skjulte dyp (A-gruppen #5) - Svensk krim - Lyd Storytel
Sarah Penner - Giftmakersken - Amerikansk roman - Lånt papirbok privat
Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Arne Dahl - En midtsommernattsdrøm (A-gruppen #6) - Svensk krim - Lyd Storytel
Mona Ringvej - Dronning Ingerids land - Norsk dokumentar/biografi - Lånt ebok BookBites
5 lyd, 2 papir, 3 ebøker
4 lånt, 1 fått, 5 abonnement
7 krim, 2 andre romanar, 1 sak
5 svenske, 4 norske, 1 amerikansk
Nye forfattarar: Ringvej, Øen, Penner
Blogging og omtalar vart det minimalt med i juni, men eg har fått lese ein heil del! Det vart ein noko spesiell lesemånad i og med at eg (gjen)las 5-6 bøker i same krimserie. Serien består av totalt 11 bøker og dei resterande 5-6 skal lesast i løpet av juli. Denne type strekklesing har eg ikkje gjort før "i bloggtid", men eg har lese heile krimseriar i løpet av kort tid tidlegare. Leseopplevinga blir meir intens når ein les på ein slik måte, - men det passar naturlegvis ikkje for alle seriar. Serien må vera ekstraordinær - som serien om A-gruppen er. Ein lang serieomtale kjem seinare i sommar.
Skyggefolket er ein ny spennande actionkrim/thriller frå Sigbjørn Mostue. Bakteppet for handlinga er klima og miljø-problematikk og andre globale problemstillingar. Forfattaren er tydeleg engasjert og boka er skremmande aktuell.
Eg har brukt lang tid på Mona Ringvej si bok Landet mot nord. Her får ein presentert 22 personar frå ulike epokar, alle meir eller mindre representative for si tid. Boka krev at lesaren er tålmodig, men er både lærerik og interessant. Så interessant at eg no har starta på ei ny bok av same forfattar. Les gjerne Knut Hoem si bokmelding.
Så over til det som ikkje fall i smak.
Giftmakersken har ein spennande tittel og eit veldig pent omslag, men det er egentleg det einaste positive eg kan sei om denne boka. Historia frå fortida er OK, men notidshistoria er rett og slett svak og har eit irriterande dameromanpreg. Styr unna denne!
Det du eier evig er egentleg grei til å vera debutbok. Øen skriv godt, men historia blir litt flat og for omstendeleg. Kvardagskrim treng ikkje vera kjedeleg, men denne boka er faktisk det.
Skomakeren er ikkje Nygårdshaug på sitt beste, for å sei det slik. Det betyr ikkje at det er ei dårleg bok, for her er både humor og alvor og forteljarglede. Men med tanke på tidlegare bøker frå denne forfattaren har ein visse forventningar - som ikkje vart innfridde ved dette høvet. Eg tykkjer framfor alt han han gjentek seg sjølv for mykje i denne serien (Klokkemakeren, Nøkkelmakeren, Regnmakeren)
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kort halvårsstatistikk
- 51 bøker, fordelt slik på sjanger:
- 33 krim- og spenningsromanar
- 5 andre romanar
- 1 novellesamling
- 12 sakprosa, av dei 5 biografiar - 29 lydbøker, 14 ebøker, 9 papirbøker
- 29 lånt, 21 Storytel-abonnement, 1 fått
- 21 svenske, 20 norske, 5 britiske, 2 danske, 1 islandsk, 1 fransk, 1 amerikansk
Gjenlesing er noe jeg omtrent aldri bedriver. Selv om jeg noen ganger har lyst, men jeg har alt for mye uleste bøker jeg vil lese, og det tror jeg aldri tar slutt.
SvarSlettHar kun lest Øen av dine denne gang, og den likte jeg nok mye bedre enn deg. Tror jeg ga den fem. :) Skyggefolket ligger på vent her. Den virker spennende. Amazonas og sånt liker jeg å lese fra.
Bra halvårsresultat. Jeg leste 59 første halvår. Inkludert dikt og barnebøker, som er kortere enn andre bøker. Ønsker deg en god sommer- og juli Berit:)
Eg vil heller lesa gode bøker på nytt enn å lesa halvgode/halvdårlege ferske bøker.
SlettMen det er klart - gjenlesing er ein risikosport, det har av og til ført til nedturar: Bøker som eg elska ein gong for lenge sidan har vist seg å vera middelmådige når eg les dei på nytt etter nokre år. Som for eksempel den fyrste boka i Harry Hole-serien.
Når det gjeld den serien eg no les var eg rimeleg trygg, og eg storkosar meg saman med A-gruppen.
Mykje av handlinga i Skyggefolket foregår i Amazonas. Dagsaktuell, interessant og tildels skremmande lesing.
God sommar til deg òg, Anita!
Jeg har også blitt skuffet når jeg har prøvd, særlig de jeg leste da jeg var ca 20. Lesing forandrer seg med erfaring. Men det finnes helt sikkert gode bøker som står seg også.
SlettTakk:)