Tema for Anita sin dikt-lesesirkel i januar er Humor og glede. Det treng me no i mørke januar, seier Anita, og det er eg absolutt enig i. Poesi treng ikkje vera høgtideleg og vanskeleg. Dei dikta eg har plukka ut har ikkje eingong snev av seriøsitet og alvor i seg.
Frå diktsamlinga Den vanskelege andreboka av Jon Hjørnevik:
Inne i ein bokhandel,
ligg eg – ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.
Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
fra ekle «Ord om lykke»
til svære leksikon.
Eg er ei bok i redsle,
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
med Kjærstads nye bok.
Eg ropar til ein kunde,
«Kom og redd meg no!»
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.
Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.
Eg kom til ein vårfest,
men sa tidleg ha det.
Brått stakk eg og ei dame
rett inn på badet.
Eg var i spritrus,
ho vårkåt og fin.
Eg tok ho for meg
oppå ei vaskemaskin.
Det var ikkje tid til
å kle av seg fint,
eg var i ho,
før me fekk klint.
Men så starta maskina,
eg var borti ein knapp,
trommelen spann,
maskina var kjapp.
Men brått sat jenta,
skuffa i hugen,
for me kom for tidleg,
eg og sentrifugen.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
"Sluttprogram" fann eg på Jon Hjørnevik si Facebook-side.
Arne Hjeltnes (f. 1963) er ein annan kar frå Voss som skriv humoristiske dikt. Hjeltnes er mest kjent som TV-mann, men han er også næringslivsmann, Høgremann og forfattarmann. Han har m.a. utgitt boka Ein mann å halda i - som ifølge forlaget inneheld "tekstar til ettertanke, til latter, til store høve og til jobbseminar utan meining. Her er sjølvironi, enkle gleder og djupe sanningar." Her er eit eksempel på Hjeltnes sine diktarevner:
Akkurat no, når eg skriv desse orda,
skjer det mykje rart på jorda.
Nokon søv og nokon vakar,
nokon jobbar hardt som bakar.
Fire karar fiskar ål,
ei lita jente kokar kål.
Tenk på alt som her og no
til dømes skjer i Mexico.
Kanskje nett i denne stund,
ligg det ein med smil om munn
på sjukehus og kviler litt,
mens han får vaska stellet sitt.
Frå diktsamlinga Den vanskelege andreboka av Jon Hjørnevik:
Diktsamling i bokhandlardrama
Inne i ein bokhandel,
ligg eg – ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.
Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
fra ekle «Ord om lykke»
til svære leksikon.
Eg er ei bok i redsle,
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
med Kjærstads nye bok.
Eg ropar til ein kunde,
«Kom og redd meg no!»
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.
Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Jon Hjørnevik (f. 1970) er vossing, tekstforfattar, diktar, skribent og komikar. Han har forfatta fleire lettbeinte og politisk ukorrekte diktsamlingar, eit tulleleksikon og ei fotballhårbok. Ikkje alt Hjørnevik skriv er hylande morosamt, men humrefaktoren er som regel til stades - slik som i diktet nedanfor:
Sluttprogram
Eg kom til ein vårfest,
men sa tidleg ha det.
Brått stakk eg og ei dame
rett inn på badet.
Eg var i spritrus,
ho vårkåt og fin.
Eg tok ho for meg
oppå ei vaskemaskin.
Det var ikkje tid til
å kle av seg fint,
eg var i ho,
før me fekk klint.
Men så starta maskina,
eg var borti ein knapp,
trommelen spann,
maskina var kjapp.
Men brått sat jenta,
skuffa i hugen,
for me kom for tidleg,
eg og sentrifugen.
"Sluttprogram" fann eg på Jon Hjørnevik si Facebook-side.
Arne Hjeltnes (f. 1963) er ein annan kar frå Voss som skriv humoristiske dikt. Hjeltnes er mest kjent som TV-mann, men han er også næringslivsmann, Høgremann og forfattarmann. Han har m.a. utgitt boka Ein mann å halda i - som ifølge forlaget inneheld "tekstar til ettertanke, til latter, til store høve og til jobbseminar utan meining. Her er sjølvironi, enkle gleder og djupe sanningar." Her er eit eksempel på Hjeltnes sine diktarevner:
Akkurat no i Mexico
Akkurat no, når eg skriv desse orda,
skjer det mykje rart på jorda.
Nokon søv og nokon vakar,
nokon jobbar hardt som bakar.
Fire karar fiskar ål,
ei lita jente kokar kål.
Tenk på alt som her og no
til dømes skjer i Mexico.
Kanskje nett i denne stund,
ligg det ein med smil om munn
på sjukehus og kviler litt,
mens han får vaska stellet sitt.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -