Viser innlegg med etiketten Eirik Wekre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eirik Wekre. Vis alle innlegg

30. mai 2020

Kriminell vårlytting

Sidan eg er så på etterskot når det gjeld bokomtalar bestemte eg meg for å laga eit skikkeleg skippertaksinnlegg; denne gong i form av "mikroomtalar" i stikkordform. Eg håpar å få fram det mest essensielle i kvar enkelt bok når eg gjer det på denne måten. Det har vore varierande leseopplevingar; få innertiarar, nokre skuffelsar og enkelte "heilt greie".

Alle lydbøkene nedanfor er innan krim-/spenningsjangeren og inngår i ulike seriar. Eg har hatt som mål å bruka/utnytta Storytel-abonnementet mitt så mykje som muleg, så dei fleste har eg funne der.

Flokkdyr av Tana French 
Cappelen Damm 2016
Speletid 16:24
Lydbok Storytel

- Femte bok i den ukronologiske Dublin Murder Squad-serien
- Handling frå ungdoms-/kostskulemiljø
- Langsam, mykje prat og mykje fram og tilbake
- Intenst og tett
- Skildringar prega av innleving og psykologisk innsikt
- Spesielt interessant å følgja korleis samarbeidet mellom etterforskarane utviklar seg
- Litt for lang, men ei god leseoppleving
- Veldig godt opplest av Ivar Nergaard
- Terningkast 5-.

Fluktruten av Arnaldur Indridason
Cappelen Damm 2018
Speletid 9:16
Lydbok Storytel
- Tredje bok i serien om Flovent og Thorson
- Interessant og originalt med handling frå Island under 2. verdenskrig
- Gode tidsbilete
- Men frykteleg tregt, så denne lesar mista etter kvart både konsentrasjon og oversikt
- Opplesar Lasse Lindtner "beherskar" fleire stemmer og dialektar, men det blir i overkant teatralsk
- Terningkast 3.

Blodmåne av Katrine Engberg 
Capitana 2019
Speletid 10:16
Lydbok BookBites
- Andre bok om Jeppe Kørner og Anette Werner
- Burde nok ha lest den fyrste fyrst
- Dansk etterforskarkrim
- Lettlest og oversiktleg
- Snert, sjarm og brukbart driv
- men litt for mykje om trivialitetar og "dameting"
- God opplest av Kristin Grue
- Terningkast 3+.

Operasjon Snøhvit av Eirik Wekre
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:56
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i serien om Hege Tønnesen
- Ikkje spesielt bra fyrsteinntrykk
- Rotete, overambisiøst
- Liksomdramatisk, lite truverdig
- Klisjékarakterar
- Opplesar Ane Rygh les tydeleg, men altfor sakte
- Terningkast 3-.


Blod i dans av Gard Sveen
Cappelen Damm 2016
Speletid 6:14
Lydbok Storytel
- Tredje bok i Tommy Bergmann-serien
- Burde definitivt ha lest denne rett etter andre bok, for dei heng tett saman
- Med avstand i tid vart begge bøkene "sånn passe"
- Masse action, mange handlingstrådar
- Veldig bra lest av Helge Winther-Larsen
- Terningkast 3.

Bjørnen av Gard Sveen
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:53
Lydbok Storytel

- Fjerde bok i Tommy Bergmann-serien
- Totalt annan stil - og betre - enn den føregåande
- Heller ikkje hovudpersonen er gjenkjenneleg, men så har det gått 10 år handlingsmessig
- Kald krig, spionasje, kontraspionasje
- Mykje av handlinga bygger på Treholt-saka
- Terningkast 4.

Flaggermusmannen av Jo Nesbø
Lydbokforlaget 2018
Speletid 11:29
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i Harry Hole-serien, fyrste gong utgitt 1997, nyinnspeling
- Starten på eit forfattarskap som har betydd mykje for mange
- Gjenlesing etter 23 år for meg
- Var banebrytande i si tid
- Godt plott, overraskande vendingar
- Merkar at både min lesesmak og Nesbø som forfattar har utvikla seg
- Meir nostalgikjensle enn spenningskjensle
- Dennis Storhøi er ein god opplesar og stemma hans er perfekt som Harry Hole
- Terningkast 4+.

Svar hvis du hører meg av Ninni Schulman 
Cappelen Damm 2015 
Speletid 10:50
Lydbok Storytel (+ lånt papir)
- Tredje bok i serien om Magdalena Hansson
- Svensk bygdekrim
- Handling frå jegermiljø er originalt og interessant
- Noko stilleståande til tider
- Men jamnt stigande spenning trass i enkelte forutsigbare hendingar
- For mykje mas om småbarnsliv og tidsklemma
- Elles grei nok
- OK opplesing av Ingrid Vollan
- Terningkast 3+.

Et eneste sekund av David Baldacci
Cappelen Damm 2004
Speletid 10:00
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i serien om Sean King og Michelle Maxwell
- Grei introduksjon til hovudpersonane og bakgrunnen deira
- Veldig amerikansk på alle måtar
- Secret Service, FBI, hemmelege tenester
- Action, overraskingar
- og litt romantikk
- Heilt grei underhaldning
- Ivar Nergaard les i passe tempo og med engasjement og innleving
- Terningkast 4+.

---------------------

Mykje middelmådig i denne samleomtalen, tykkjer du kanskje?
Ja, det vart visst det. Så eg avsluttar med heile to rosiner i pølsa.

---------------------

Motiv X av Stefan Ahnhem 
Lydbokforlaget 2018 
Speletid 12:03
Kjøpt lydfil
- Fjerde bok i Fabian Risk-serien
- Ein serie der kvar bok blir betre og betre 
- Adrenalinspennande, nervepirrande
- Mange synsvinklar
- Utallige handlingstrådar, både korte og lange
- Avansert, men ikkje altfor komplisert
- Terningkast 5.

X måter å dø på av Stefan Ahnhem 
Lydbokforlaget 2019
Speletid 11:53
Lånt lydbok biblioteket
- Femte bok om Fabian Risk
- Handlinga startar umiddelbart etter Motiv X, så desse bør helst lesast rett etter kvarandre
- Ikkje berre ein, men to, splitter gale seriemordarar
- Fabian vert utsett for umenneskelege påkjenningar
- Grusomme og fantasifulle drapsmetodar
- Innvikla og godt samanskrudd plott
- Usannsynlege motiv og urealstisk handling
- Men likevel ein fantastisk pageturner, umuleg å leggja frå seg
- Terningkast 5+.

Ivar Nergaard er (som alltid) ein fantastisk opplesar av både Motiv X og X måter å dø på. Det er tydeleg at han likar det han les. På den måten tilfører han historia om Fabian Risk ein ekstra dimensjon og gjer bøkene til ekstra gode leseopplevingar.

29. februar 2020

Oppsummering februar 20

Påbyrja i januar, fullført i februar: 
Ingar Sletten Kolloen - Vi må ikke falle (Under krigen, bind 1) - Norsk krigshistorisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Camilla Grebe - Dvalen - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i februar:
Jan Guillou - Den andre dødssynd - Svensk roman - Lånt papirbok biblioteket
Tana French - Utrygg havn - Irsk krim - Lydbok Storytel
Pierre Lemaitre - Rosy & John - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Belinda Bauer - Den synske - Britisk krim - Lydbok Storytel
Mick Herron - Sløve hester - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Frank Aarebrot - Krigen på 200 sider - Norsk dokumentar - Kjøpt papirbok OTS
Eirik Wekre - Operasjon Snøhvit - Norsk krim - Lydbok Storytel

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Tor Bomann-Larsen - Folket (Haakon & Maud bind 2) - Norsk biografi/historisk dokumentar - Lydbok Storytel
C.J. Sansom - Opprør - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat




5 papir, 3 lyd, 1 ebok
5 lånt, 3 abonnement, 1 kjøpt
6 krim, 2 dokumentar, 1 roman
3 norske, 2 svenske, 2 britiske, 1 irsk, 1 fransk
6 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Herron, Wekre

I januar las eg uvanleg mange terningkast 5-bøker. Det var sjølvsagt for godt til å kunne vara, så februarlesinga er meir "normal". Av februar-bøkene  mine vurderer eg kun Aarebrot si bok til terningkast 5.

I skrivande stund er eg i gang med den nye boka i C.J Sansom sin glitrande historiske krimserie; ei bok som eg har svært store forventningar til og har venta på lenge. Opprør er på nesten 800 sider og veg sine 1,1 kilo, så det er ei upraktisk bok - men eg storkosar meg så langt.