Påbyrja i desember, fullført i januar:
Hilary Mantel - Speilet og lyset - Britisk historisk roman - Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Emelie Schepp - Broder Jacob - Svensk krim - Kjøpt pocket
Sharon Bolton - Dødsdømt - Britisk krim - Lyd Storytel
5 lyd, 2 papir
5 abonnement, 2 lånt
3 krim, 1 historisk roman, 1 dokumentar, 2 biografiske
2 norske, 3 amerikanske, 1 britisk, 1 dansk
5 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Dionne, Tenold Aase, Vance, Faber, Pedersen
Her på bloggen har det vore veldig stille i det siste. Eg er tilbake på heimekontor om dagane, så eg prøver å vera så sosial og aktiv som muleg på fritida - då sjølvsagt innan dei begrensingane koronasituasjonen/-restriksjonane/-anbefalingane set. Men eg les som vanleg også ein heil del, og eit par blogginnlegg er undervegs.
I januar las eg lite krim (til denne lesaren å vera) og fleire bøker frå (for meg) nye forfattarar. Av dei nye merkar eg meg spesielt det danske krimforfattarparet Faber/Pedersen. Sjølv om Vinterland er minst 100 sider for lang, er det ei svært lovande bok - og eg vil gjerne ha meir frå desse forfattarane. Ein annan ny forfattar er Karen Dionne. Hennar Myrkongens datter byr på fine naturskildringar frå eit (for meg, til no) ukjent geografisk område; Upper Peninsula i staten Michigan, USA. Boka er òg interessant med tanke på kor lojale barn kan vera, uansett kva dei vert utsette for.
Tor Åge Bringsværd si bok Mens jeg har dere her har undertittel "om det å bli gammel" og er ei sjarmerande, filosofisk og underhaldande erindringsbok som eg kan anbefala på det sterkaste. "Det var aldri lett å hoppe etter Wirkola, men det er enda vanskeligere å dø etter Per Fugelli", skriv Bringsværd. Han har ein leiken penn og skriv med både humor og alvor.
Lesemånaden kan elles oppsummerast med stikkorda "britisk historie" og "amerikansk samtid". Avslutninga av Wolf Hall-trilogien, Speilet og lyset, er ei fenomenal bok; interessant, lærerik og gripande. Men boka er, med sine 814 sider, i overkant detaljert, tidvis langsam og ganske komplisert. Likevel konkluderer eg med terningkast 5, fordi eg - trass alt - er veldig imponert. Ein omtale er på veg.
USA har vore i hovudfokus i dei fleste nyhendesendingar denne månaden. Då den rasande mobben frå den ytste høgresida i politikken storma Kongressbygningen i Washington DC den 6. januar, følgde heile verda med på det som skjedde. Storminga skjedde etter ei (meir eller mindre) direkte oppfordring frå presidenten og me såg alle saman at USA er eit svært splitta samfunn i djup krise.
Medan dette skjedde las eg Den sjette mannen av David Baldacci, og eg tenkte at "hadde berre King og Maxwell vore der, då hadde dei ordna opp!" Deretter las eg Alt du elsker skal brenne av Vegard Tenold Aase - ein dokumentar frå innsida av ulike høgreekstreme amerikanske grupper; informativ og skremmande lesnad. Familiebiografien Hillbillyens klagesang derimot, den trefte meg berre til ein viss grad. Forsåvidt interessant om ein white trash-storfamilie, men eg tykkjer forfattaren er ubehageleg utleverande om sine eigne.
Eg var nok ikkje den einaste som pusta letta ut då Joe Biden avla eden og den løgnaktige, narsissistiske og rasistiske presidenten forsvann. No er ikkje Biden heller nokon raddis akkurat, men han er i alle fall totalt annleis enn forgjengaren. Han har noko forsonande og velmeinande ved seg som kan komma vel med i arbeidet framover. Så - til slutt, dei avsluttande linjene frå Amanda Gorman sitt dikt "The Hill We Climb", som ho framførde på ein så framifrå måte under presidentinnsetjinga.
there is always light,
if only we're brave enough to see it;
if only we're brave enough to be it.