Viser innlegg med etiketten Nils Nordberg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nils Nordberg. Vis alle innlegg

30. januar 2018

Favorittforfattarar: N og O

Bokstavane N og O har lite å by på av favorittar for meg, så difor vert det berre ein frå kvar.


Foto: Dramatiker.no

Nils Nordberg

Norsk forfattar, oversetjar, kriminallitteraturekspert og radioteaterinstruktør f. 1942.

Det Nils Nordberg ikkje veit om kriminallitteratur er ikkje verdt å vita. Gjennom bøker og radioprogram har han synt entusiastisk interesse, enorme kunnskapar og kloke refleksjonar rundt dette med krim. Sjølv om han no er pensjonist er han stadig aktiv med bokprosjekt.

Nordberg har redigert og skrive forord til fleire antologiar, t.d. De nye krimheltene og Mørkets gjerninger. Saman med Klaus Hagerup skreiv han Siste akt, ein kriminalroman med handling frå teatermiljø.

Stemma til Nils Nordberg er djup og gjenkjenneleg - sjølv tenkjer eg automatisk "radioteater" når eg høyrer stemma hans i reklameinnslag, som kommentator, i radiointervju eller i lydbøker.




Foto: Samlaget.no

Olav H. Hauge

Norsk lyrikar og omsetjar 1908 - 1994.

Ein av våre kjæraste og mest særmerkte lyrikarar. Dikta hans vert ofte siterte og framførde i ulike samanhengar. Hauge var ein diktar som fekk sagt mykje med få ord, noko han syner i det diktet som vart kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene:

Det er den draumen


Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.


To andre fine Hauge-dikt som betyr mykje for mange er "Din veg" og "Under bergfallet".

- - - - - - - - - - -

11. oktober 2013

Bokomtale: Kameleonmenneskene av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2013
 - Ordflyt
Opplesar: Nils Nordberg
Speletid 12 t 40 min

Hans Olav Lahlum er m.a. historikar, biograf, sjakkspelar, medieyndling, verdsrekordinnehavar og ein svært produktiv krimforfattar; Kameleonmenneskene er den femte boka om K2 og Patricia på tre år. Eg har lest dei tre fyrste; Menneskefluene, Satelittmenneskene og Katalysatormordet, men ikkje nummer fire, De fem fyrstikkene. Det er heller ikkje heilt nødvendig å lesa desse bøkene i kronologisk rekkefølge.

Lahlum har funne sin eigen stil, i ein sjanger som kan kallast retrokrim. Her handlar det om politietterforsking i den tida det ikkje fantes epost, mobiltelefonar og internett. Eg likar godt å lesa krim i ulike stilartar, og ser på Lahlum sine bøker som eit godt tilskot til dagens heseblesande og realistiske politikrimromanar. "Det er fint med mangfold, også på krimfronten," seier Lahlum i eit intervju med gd.no. Det er eg veldig enig i.

Me er i 1972, det er kald krig og EEC-strid, og Noreg er i startfasen som oljenasjon. Ein ung gut ringer på døra til K2 - politietterforskar Kolbjørn Kristiansen. Guten har ein blodig kniv i lomma og eit par politifolk i hælane. Det viser seg at kniven har vore nytta til å ta livet av stortingsrepresentant Per Johan Fredriksen. Saka ser ut til å vera opplagt, men K2 har sine tvil. K2 er ganske nyforlova med Miriam, og av omsyn til henne unngår han i det lengste å kontakta Patricia, den hemmelege og overkloke hjelparen sin. Men K2 klarar seg ikkje utan den skarpe hjernen til Patricia denne gongen heller.

Tittelen på boka viser til at enkelte personar framstår ulikt i forskjellige miljø. I denne boka er det fleire av karakterane som er i stand til å skifte utsjånad og oppførsel etter omgjevnadene, det gjeld også det fyrste offeret, stortingsrepresentant Fredriksen. Etterforskinga avslører at han har hatt eit ukjent og komplisert liv - og at det er fleire som kan ha hatt motiv for drapet. Det vert vidare tydeleg at eit mistenkeleg dødsfall i 1932 har ei viss samanheng med drapet i 1972. Når så også overvåkningspolitiet viser interesse for drapet på Fredriksen, vert saka ytterlegare komplisert. Så skjer eit nytt drap... og K2 vert sterkt engasjert og involvert i saka, også som privatperson.

Lahlum brukar eit noko snirklete riksmål for å understreka at handlinga er lagt til førti år tilbake - den konservative språkbruken hans gjer bøkene litt slitsame å lesa. Eg anbefalar difor lydbokversjonen. Nils Nordberg si røyst passar veldig fint til slik klassisk krim.

Etter mi meining er ikkje dette svært god krim, til det er handlinga for treg, dialogane for merkelege og plottet og karakterane for lite truverdige. Men underhaldande er det faktisk likevel; underhaldning på ein nerdete, spesiell og "Lahlumsk" måte.

30. juli 2013

Krimnovellelydbøker på vent

Boken på vent er den faste spalta kvar tysdag hos Beathe og beathesbokhylle. Eg tykkjer det er både underhaldande og inspirerande å sjå kva slag bøker andre bokbloggarar og bokelskarar har på vent.

Denne tysdagen vil eg gjerne back to basic og visa fram to lydbøker eg har lånt på biblioteket.


For Agatha Christie er liksom basic for meg. Sidan eg vart introdusert for bøkene hennar då eg var ung, har eg lest - og likt - veldig mange av bøkene hennar. Kosekrim med Hercule Poirot og Miss Marple er verkeleg avslappande og fornøyeleg underhaldning. Dame Agatha er sjølve Krimdronninga med stor K: Ho ga ut 66 romanar, 154 noveller og 20 skodespel. Bøkene hennar er selde i ufattelege to milliardar eksemplar og oversette til meir enn 60 språk. Det er òg laga utallige filmar og TV-seriar basert på romanane og novellene hennar.

Eg er veldig fan av den smarte og pertentlege vesle belgiaren Hercule Poirot, som har hovudrolla i desse to lydbøkene:


Mordet på seiersballet

inneheld tre noveller:
  • Mordet på seiersballet
  • Historien om kokkepiken fra Clapham
  • Det doble sporet

I Plymouthekspressen er desse 5 novellene med:
  • Plymouthekspressen 
  • Vepsebolet
  • Mysteriet i Market Basing
  • Mysterium til sjøs
  • De hemmelige ubåttegningene

Alle novellene er henta frå samlinga Poirot løser gåten (Poirot's Early Cases) som kom ut i 1974. Handlinga er frå tida rett etter fyrste verdskrig, og det er Poirot sin gode ven og hjelpar, kaptein Hastings, som har forteljarstemma.

Innlesar av lydboknovellene er Nils Nordberg. Røysta hans er perfekt for slik klassisk krim.