Viser innlegg med etiketten Pride. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pride. Vis alle innlegg

14. mai 2025

Dikt og slikt: Regnbueflagg

Diktet som blir presentert denne gongen er henta frå Facebooksida til Adam Schjølberg. 


Mai er her, med nokre ekstra fridagar og ein smak av sommar. Me markerer og feirar 8. mai og 17. mai, me ropar hurra og kjenner oss stolte av å vera norske. 

Men bak alt dette positive og fine er det noko skurrar, og eg føler at det blir verre år for år: Flaggdebatten. Ein debatt som dels går på om det skal vera lov å bruka andre nasjonsflagg i 17. mai-toget enn det norske, og dels på korleis - og om - pridemånaden juni skal markerast frå offentlege flaggstenger. I år har debatten rasa etter at KrF tidlegare i vår vedtok å forby skular å flagga med prideflagget. Ytringsklimaet har hardna til og eg vil tru at enkelte har blitt skremt vekk frå å delta i debatten. Adam Schjølberg er ein tydeleg samfunnsdebattant og TV-personlegdom og torer å fronta sitt syn. Det er bra.

Det hender ofte at Pride vert framstilt som ein farleg og radikal ideologi, noko eg faktisk ikkje kan forstå. Pride og regnbogeflagget fremjar faktisk verdiar som inkludering, mangfald, kjærleik og respekt. For meg er det difor innlysande at det skal vera plass til både det norske flagget og regnbogeflagget. 

Avslutningsvis vil eg sitera direktør i Utdanningsdirektoratet, Morten Rosenkvist, som skriv dette i ein kronikk i VG: 
"Å markere Pride og heise regnbueflagget kan ha stor betydning for barn og unges opplevelse av å høre til og bli akseptert.
Debatten om å forby regnbueflagget skaper usikkerhet om markeringen av Pride i skolen. Det kan bidra til å gjøre skolen til et mindre trygt sted for de som trenger det mest."

Regnbogearmbandet kan bestillast hos Amnesty.no