25. mai 2015

Bokomtale: Skamtegnet av H. K. Fauskanger

Gyldendal forlag 2015
557 sider
Kjelde: Lånt ebok (ebokbib)


Handlinga i denne historiske kriminalromanen er lagt til Christiania år 1905. Dette er året for unionsoppløysinga frå Sverige, Christian Michelsen er statsminister og ved statsministerens kontor arbeider den unge og lovande Oskar Prods Brattenschlag - "vår mann" - som assistent for statsministerens sekretær Calmeyer.

Det er tydeleg at forfattaren har store bakgrunnskunnskapar om miljøet og tida som vert skildra - og han er klart inspirert av klassiske krimforteljingar. Fauskanger sin noko snirklete og gammalmodige skrivestil kan minna litt om Stein Riverton (Sven Elvestad) og Øvre Richter Frich. Når det gjeld tidsbileta har nok forfattaren også henta inspirasjon frå Sir Arthur Conan Doyle sine Sherlock Holmes-forteljingar.

Skamtegnet er den tredje historiske krimhistoria frå Fauskanger si side - og den fyrste eg har lest. Men boka gav absolutt meirsmak, så eg kjem nok til å lesa dei andre bøkene som har Oskar Brattenschlag som forteljarstemme. Forfattaren skriv godt og byr lesaren på originalitet, god underhaldning og spenning.

Handlinga startar i notid med at eit gammalt dokument vert opna på eit advokatkontor. Dokumentet viser seg å innehalda ei historie frå meir enn 100 år tilbake, nedskrive av embetsmannen Oskar Prods Brattenschlag. I 1905 var det krisestemning både politisk og diplomatisk - og Brattenschlag og hans næraste overordna Calmeyer er travelt opptekne med forhandlingar med svenske representantar. Dei får snart også andre ting å tenkja på og bekymra seg over.
Forteljinga til Brattenschlag startar med at ein ukjend og dødeleg såra mann dundrar på døra hans, leverer frå seg ein rull innehaldande eit pergament med ei mystisk og uskjøneleg tekst - før han teiknar eit svastikasymbol (hakekors) med sitt eige blod - og andar ut. Brattenschlag er brått og uforvarande involvert i eit skremmande og mystisk eventyr - og vert utsett for den eine påkjenninga etter den andre.

Skamtegnet handlar om  politikk, vitenskap, religion, overtru, teosofi, raseideologi, hemmelege manuskript, gamle språk og skjulte skattar. Mellom anna. Både i form og innhald minner boka meg om ein del av bøkene til Gert Nygårdshaug og Tom Egeland - men i tillegg har ho altså mykje til felles med enkelte klassiske kriminalromanar.
Eg likte boka. Ho inneheld mykje underfundig humor og har mange innfløkte og mangearta intrigar - men etter kvart som ein les vert alle trådar samla saman på ein elegant og logisk (om enn noko omstendeleg) måte.

Undervegs datt eg av lasset av og til, det må innrømmast. Eg klarte ikkje å halda interessa oppe gjennom absolutt heile denne tjukke boka. Det vart så vidløftig, så omstendeleg og så detaljert - men eg vurderte aldri å avbryta lesinga. For kvar gong eg mista litt konsentrasjon og vart litt lei, kom eg på sporet igjen. Forfattaren er dyktig på å henta seg inn att når han og karakterane hans bevegar seg alt for langt ute på viddene. Dermed landar også terningen på 5 og ikkje på 4.

22. mai 2015

Krig og fred og sånn

Sidan det i år er 75 år sidan okkupasjonen og 70 år sidan frigjeringa, vert det fokusert mykje på 2. verdenskrig - både skjønnlitterært og innan sakprosa for tida. Eg er også prega av dette og har det siste året lest ein heil del bøker som har krigen som tema. Dei to bøkene som har gjort aller størst inntrykk på meg var fjorårets sakprosabøker Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson og Den største forbrytelsen av Marthe Michelet. Begge desse anbefalast sterkt.
(Jackson si bok vert "samlest" no i mai i samband med Bokbloggerprisen 2014. Michelet si bok nådde dessverre ikkje opp i denne samanhengen.)

Gard Sveen sin dobbelt prisbelønte roman Den siste pilegrimen er ei anna bok eg gjerne anbefalar; dette er ein kriminalroman med krigshistorisk bakgrunn. At kriminalromanar inneheld parallellhistoriar frå krigens dagar er elles forholdsvis vanleg. Operasjon Siskin av Rune Timberlid og Rottejegeren av Chris Tvedt er to andre gode eksempel på at grepet med ei tilhøyrande forteljing frå krigen fungerer i moderne krimromanar. Svik, tap og hevn er jo ofte tema og motiv som går igjen innan krimsjangeren.

Fyrste bind i Jon Michelet sitt storslagne verk om krigsseglarane - En sjøens helt - Skogsmatrosen har eg også fått med meg. Det vart rett nok ikkje ei heilt vellukka leseoppleving, men eg trur at eg ein gong i framtida kjem til å halda fram med akkurat den serien.
Ein annan god - men spesiell - roman som har krigen som bakteppe er Alfabethuset av Jussi Adler-Olsen. Den berømte Saras nøkkel derimot, som eg las for ei tid tilbake - den bør ein styra unna. Det er rett og slett ei elendig bok.

- - - - - - - - - - - - - - - -

No i vår har eg fått med meg desse bøkene:


Krigens skugge av Ragnhild Kolden
Det norske samlaget 2012
174 sider


Handlinga er lagt til Gudbrandsdalen kort tid etter krigen. Kolden skriv jordnært og enkelt om skuggar frå krigen som legg seg over folk og hendingar i etterkrigstidas bygde-Noreg. Sentralt i denne forteljinga er dei tre søstrene Dagny, Emma og Tea. Krigen førte til at dei tre unge kvinnene fekk heilt ulike lagnader då freden kom.
Boka fortel ei sterk historie og gjorde inntrykk. Eg fekk så inderleg vondt av stakkars Tea, ei av desse norske jentene som var romantisk involvert med tyske soldatar under krigen. "Tyskertøsene" vart straffa uforståeleg hardt - og uendeleg lenge. Ofte vart dei offer for hevn, mobbing og overgrep.
For Tea vart det ikkje fred i mai 1945; ho vart internert, tvangsklippa og fråteken barnet sitt. Når ho vert "fri" og flyttar til systera Dagny må ho - i tillegg til det berykta bygdedyret - hanskast med si eiga skamkjensle og hat og avsky frå nær familie. Terningkast 4.


Kvinner i krig av Gitte Haug
Oktober forlag 2014
104 sider


Ei tynn lita bok med eit sterkt innhald. Forfattaren debuterte med denne boka i fjor, 85 år gammal.
Dette er ei erindringsbok som handlar om Haug sjølv og mor hennar i dei siste månadene av andre verdenskrig og den fyrste tida i fredstid, på landsbygda i Tyskland. Ei augevitneskildring av ei tid fyllt med uvisse, kaos, tunge avskjedar, øydelagde landskap og ein traumatisert sivilbefolkning.
Boka virkar veldig ekte og nær, men ber preg av at forfattaren har bore med seg tankane og kjenslene sine i lang tid. Det er ungjenta på 15-16 år sine tankar - og ein 85-åring sine formuleringar. Språket er enkelt, naivt og merkeleg oppdelt - men akkurat dette "primitive" språket gjer boka enno meir gripande. Terningkast 4+.


De dødsdømte av Asbjørn Jaklin
Lydbokforlaget 2011
Speletid 10:07, opplesar Ivar Nergaard


Krigshistorisk dokumentar - som fungerer heilt fint i lydbokversjon. Boka handlar om 25 menn, 25 henrettingar og eit samfunn som har behov for oppgjer og hevn. Forfattaren har basert seg på skriftlege kjelder som politiavhøyr og rapportar - og har gått grundig og detaljert til verks.

For meg var mykje av innhaldet i denne boka nytt stoff og ny lærdom. Med unnatak av Quisling og Rinnan var alle dei andre ukjende. Eg var heller ikkje kjend med kor omdiskutert dette med dødsstraff (eller ikkje) var då, rett etter at krigen var slutt. Nær 70 år etter desse dramatiske hendingane sit ein med fasiten i handa og "veit korleis det går", - men boka er svært spennande likevel.
De dødsdømte er ei god bok - til ettertanke, skriven på ein nøktern, lettfatteleg og oversiktleg måte. Ein treng nokre gode pausar med anna og lystigare lesing medan ein les/lyttar til denne boka. Innhaldet er nemleg svært hard kost. Terningkast 4+.


Gjerningsmenn av Harald Welzer
Forlaget Press 2013
309 sider

Undertittel: hvordan helt vanlige mennesker blir massemordere.
Sakprosa frå den tyske sosialpsykologen Harald Welzer som handlar om jødeutryddingane og massedrapa under 2. verdenskrig. Soldatane som drap hundretusenvis av menneske var i liten grad kriminelle, skakkøyrde eller traumatiserte. Dei var heilt vanlege menn med normale bakgrunner - men manipulerte til å bli valdsmenn og drapsmaskiner. Ut frå den situasjonen dei befann seg i, vart det "logisk" å ta livet av "undermenneske" og "fiendar" av det tyske riket. Forfattaren samanliknar massedrapa i Babij Jar i 1941 med andre grufulle hendingar som My Lai-massakren i 1968, folkemordet i Rwanda i 1994 og massakren i Srebrenica i 1995. Han viser at dei same "mekanismane" gjorde seg gjeldande ved desse hendingane. 
Gjerningsmenn er interessant og skremmande lesing, men boka er skrive i eit altfor tungt, vanskeleg og omstendeleg språk. Eg er usikker på om dette er forfattaren eller oversetjaren sin "feil". Terningkast 3.

16. mai 2015

Samleinnlegg: Vårlesing del 3

Det har blitt sparsamt med blogginnlegg i det siste. Eg les jamnt og trutt, men skriv lite. Det har litt med skrivetørke å gjera, men skuldast fyrst og fremst at det no om våren er kjekkare å driva med andre aktivitetar enn å sitja framfor ein PC-skjerm.
For oversikten sin del - og for på ein måte å fullføra leseopplevingane mine: Her er ein ny samlepost med kjappkjappe omtalar.

Venuspassasjen av Merete Junker
Gyldendal 2014
336 sider


Junker har gitt NRK-journalist Mette Minde ein pause og gitt hovudrolla i denne boka til etterforskar Morten Vollan. Det var fornuftig. Vollan er ein meir interessant person - ikkje minst fordi me får møta han som unggut i enkelte avsnitt som omhandlar fortida.

Ein mann forsvinn sporlaust i 1968 og vert erklært død året etter. Men så vert han funnen, død, i det same området - i 2007 - men der har han vore i berre tre år. Kvar har mannen vore i alle desse åra? Kvifor har han halde seg i skul - i nærleiken av familien sin - men ikkje gitt seg til kjenne? Kven har drept han?
Tilfeldigvis er det oldebarnet til mannen som finn liket - og spora fører både saka, guten og Vollan til Danmark - og ei oppklaring.
Boka gir gode tidsbilete og har eit truverdig persongalleri.
Etter ein litt treg start vart dette ei lettlest og grei krimbok. Terningkast 4.


Bare et barn av Hanne Kristin Rohde
Kagge forlag 2015
351 sider


Forfattaren tek tak i eit viktig og vondt tema; nemleg alle asylbarna som forsvinn utan spor og utan at nokon saknar dei. Handlinga i boka startar med at to mindreårige utanlandske gutar vert funne døde - men på pressekonferansen om saka skjer det to andre drap: Ein politiadvokat og ein journalist vert skotne - så og seie "på direkten".
Men trass i eit aktuelt tema og ein dramatisk start på boka; dette vart ikkje særleg spennande. Hovudpersonen Wilma blir eg heller ikkje heilt klok på.
Altfor mange sider i boka vert brukte på møter, samtalar, vandring i korridorar, krangling, diskusjonar, heisturar, nytt møte, ny krangling, ny korridorvandring osv. osv. Det er sikkert ekte og autentisk - men høyrer ikkje heime i ein kriminalroman. Terningkast 3+.


Øyesten av Jakob Melander
Aschehoug 2014
377 sider


Eit positivt møte med ein for meg ukjend krimforfattar. Dette er dansk krim, ikkje på sitt beste, men ganske nær. Eg fall ganske så pladask for protagonisten, etterforskar Lars Winkler. Han er akkurat passe rufsete - med sine private og profesjonelle vanskar/utfordringar.
Om ei drapssak, ei valdtektssak og om korleis ei rystande parallellhistorie frå fortida spelar inn. Andre tema som vert omhandla er trafficking og prostitusjon.
Persongalleriet er interessant og passe stort. Språket er flytande og friskt.
Boka har høgt tempo og er uhyre lettlest og spennande, men sjølve løysinga kan oppfattast som noko forutsigbar.
Tittelen "øyesten" har ei meir bisarr og konkret tyding enn ein kanskje skulle tru. Terningkast 4+.


Lik av Tana French
Cappelen Damm 2009
575 sider


Den engelske tittelen er Likeness - likskap - så boka handlar ikkje om lik i tydinga "døde personar". Det vil sei; historia startar med eit likfunn:
Ei ung kvinne som vert funnen knivdrept viser seg å vera dobbeltgjengaren til etterforskaren Cassie Maddox. På drapsofferet vert det funne eit ID-kort på Lexie Madison, - eit namn som Cassie sjølv har brukt tidlegare då ho jobba undercover. Etterforskarane må forhalda seg til to ulike problemstillingar: Kven drap denne kvinna - og kvifor? Og kven var ho - egentleg?
Cassie Maddox tek offeret sin plass i det miljøet ho levde i - og kjem etter kvart under huda på både "Lexie" og dei fire personane ho budde saman med. Samstundes jobbar sjefane og kollegaene hennar med å nøsta opp i det tidlegare livet til drapsofferet - før ho tok identiteten til Lexie Madison.
Boka er langsam og omstendeleg - her får lesaren følgja oppklaringa av ei heilt spesiell sak steg for steg, samtale for samtale, omtrent frå time til time.
Eg likar måten French skriv på, - ho har både psykologisk innsikt og intelligent humor. Lik er ei god og velskriven bok og ei historie med nerve - men ho er så innmari langdrøy. Det trekker ned helskapsinntrykket - og eg landar på terningkast 4.


Heimlandet. Barndom av Edvard Hoem
Karviland forlag 2006
Speletid 5:55, opplesar Edvard Hoem


Ei bok som kom ut fyrste gong i 1985. Eit nytt møte med familien til Edvard Hoem - som eg verkeleg er blitt godt kjend med dette året. Etter å ha lest om både tippoldemora, oldefaren og foreldra hans tidlegare i år, var det fint å møta barnet Edvard Hoem.
Han var nok eit spesielt barn; kunne lesa flytande som 4-åring, han var veslevaksen og uvanleg skarp - men også veldig einsam, trass i at søskenflokken var stor.
Som vaksen er han svært bevisst på kor spesiell han var.

I boka fortel han om seg sjølv i tredjeperson - og kallar seg sjølv for odelsguten. Alt som liten gut føler han på forventingane om å ta over garden - men var tidleg bestemt på at han ikkje kom til å bli bonde. Han var prega av det religiøse i barndomsheimen og drøymde om å bli prest eller misjonær.
Boka inneheld fine miljøskildringar og gir lesaren gode tidsbilete frå oppveksten på ein liten vestlandsgard på 1950-talet. Det var ei tid med ei omfattande samfunnsutvikling - forfattaren fortel t.d. om storhendinga då dei fekk straum i Karviland.
Å lytta til forfattaren si stemme er liksom prikken over i'en når det gjeld Hoem sine bøker. Akkurat denne lydboka hadde ikkje så god kvalitet - lyden var hul - omtrent som om opplesaren sat i eit digert rom med altfor mykje akustikk.
Eg vart ikkje fullt så gripen av denne forteljinga som av Mors og fars historie og Slåttekar frå himmelen - og eg trur det skuldast rekkefølga eg har lest bøkene på. Terningkast 5-.



Og været skiftet og det ble sommer og så videre av Pedro Carmona-Alvarez
Lydbokforlaget 2012
Speletid 5:48


Ikkje akkurat min tekopp dette, men av og til lyt ein prøva seg på lesing utanfor komfortsona si.
Boka handlar om ein familie før og etter ei tragisk hending - og om å veksa opp i og å ta tak i livet sitt etter ei slik hending. Ein spesiell skrivestil og ei noko uklar forteljarstemme gjorde at leseopplevinga mi vart berre sånn middels. Historia som vert fortalt greip meg heller ikkje noko særleg. Eg kjeda meg og opplevde det heile som irriterande sentimentalt, lite truverdig og kan ikkje forstå at mange tykkjer denne er så fantastisk god.
Opplesar Prange les tydeleg og greit, men litt seint. Terningkast 3-.


Harpesang av Levi Henriksen
Gyldendal 2014
321 sider


Sorgmuntert og ein smule sært, med eit ganske så spesielt persongalleri. Eg likar Levi Henriksen sin skrivestil og humra godt for meg sjølv fleire gonger medan eg las Harpesang.

Dette er ei koseleg bok om musikkprodusenten Jim som får ei heilt overjordisk oppleving når han for fyrste gong får han høyra De Tre Syngende Søsken Thorsen.
Boka har ei handling som slentrar av stad, i ein skrivestil som også er litt slentrande. Hovudpersonen og egpersonen Jim er ein kul fyr.
Forfattaren skildrar miljøet og dei nære (og sære) ting med varme og humor. Eg har brukt lang tid på boka fordi ho er så temposvak. Men eg likte boka ganske godt; ho har ein heilt annan stil enn dei bøkene eg vanlegvis les. Variasjon er bra.
Terningkast 4.

- - - - - - - - - - -

Fleire samleinnlegg:
Vårlesing del 1
Vårlesing del 2
Vinterlesing

8. mai 2015

Bokomtale: Alex av Pierre Lemaitre

Lydbokforlaget 2015
Speletid 12:27

Opplesar: Håkon Ramstad
Kjelde: Lytteeksemplar


Eg var i utgangspunktet både skeptisk til og nysgjerrig på denne boka som har blitt marknadsført så intenst denne vinteren/våren. Mange kritikarar, anmeldarar og bokbloggarar har vore svært så begeistra. Så eg undra meg: Kunne verkeleg boka vera sååå bra?

Vel - eg likte boka. Alex er underhaldande, barsk, uhyggeleg og - tidvis - neglebitande god. Dessutan er ho godt komponert og svært uforutsigbar. Persongalleriet er avgrensa og verkeleg interessant.
Fyrste del av boka er skikkeleg nervepirrande, del to har fortsatt ein heil del trøkk og driv - men så flatar spenningskurven ut i siste del av boka.

Vakre og gåtefulle Alex vert overfalt og bortført på open gate i Paris. Kidnapparen er svært brutal og fører henne til ein forlatt fabrikkbygning der ho vert utsett for grov vald og tortur. Det er skikkeleg ubehageleg og håra reiser seg på hovudet når ein les om kva Alex vert utsett for. Men - når ein som lesar har opplevd lidingane til Alex - gjer handlinga ein vri - og romanen går over i ein ny fase.

Politikommissær Camille Verhoeven vert sett på saka. Han er noko spesiell; kun 145 cm på strømpelesten og med eit komplisert kjensleliv og minnet om ei kone som sjølv vart kidnappa og myrda. Ved hjelp av systematisk arbeid, intuisjon og ein slump flaks, finn Camille og medarbeidarane hans fram til staden der Alex var fanga. Men Alex er vekke...
Så skjer det fleire uhyggelege drap.
Alex er ikkje lenger eit offer. Ho er ein gjerningsperson.
Og - det er ein grunn til at ho er det..

Eg må beundra forfattaren som har ein slik frodig og grotesk fantasi. Eg var førebudd på rottescenene, og dei var ekle - men varer ikkje så lenge, heldigvis. Alex er ei bok som overraskar og som er annleis enn dei fleste krimbøker eg har lest. Det er ei ganske så makaber historie - med eit vel gjennomtenkt plott. Avslutninga av boka sto ikkje heilt i stil med resten; den var litt tam, trass i overraskingsmomentet. Det er greitt å få nøsta opp alle lause trådar, men det vart unødig omstendeleg i tredje og siste del.
Konklusjon: Eg har vakla mellom terningkast 4 og 5, men landar på ein svak femmar på terningen.

Eg saknar litt engasjement i opplesinga til Håkon Ramstad, men lydboka fungerer elles OK.

3. mai 2015

Smakebit på søndag: Elva

Arne Dahl sin fantastiske krimserie om A-gruppen vart avslutta med bok nummer 10, Himmeløyet, der gruppa vart lagt ned og oppløyst. Men det finst ei ellevte bok - Elva (ikkje på norsk enno dessverre) - ein epilog til dei ti krimbøkene.
Eitt år etter nedlegginga får alle ti - Kerstin, Arto, Viggo, Lena, Sara, Gunnar, Jorge, Jon, Paul og Jan-Olof - følgjande invitasjon:

Ärade f.d. medlemmar av A-gruppen!
Mycket vatten har flutit under broarna sedan vi för mer än ett år sedan beslutade oss för att ses igen. Och även om vi har skingrats, rentav spritts för vinden, betvivlar jag att någon av oss har glömt vår överenskommelse. Tiden är mogen, på randen till övermogen, och ingen av oss blir yngre. Låt alltså dagen övergå i natt medan berättelserna sveper in oss i den magi som alltid är övergående men som också alltid går att återerövra, det stoff som drömmar vävs av. Låt oss förenas i ett samkväm som minner om fornstora dagar, dagar som kanske just därigenom kan återvända, med fördubblad kraft.
Arrangemangen är klara, ni behöver inte bekymra er om det minsta. Det är bara att bege sig till adressen som meddelas på baksidan av detta brev. Där finns också datum för evenemanget samt en fullständig vägbeskrivning. Kollektivtrafiken i området är ytterst rudimentär, varför samåkning förordas av miljöskäl. Detta brevs späckade baksida beskriver också vad som förväntas av er för att kvällen ska bli njutbar för alla och envar. Så njutbar som bara Rikskriminalpolisens speciella enhet för våldsbrott av internationell art kan göra den. Om den fortfarande hade funnits. Det ska bli fantastiskt roligt att ses igen.
Med stora förhoppningar...

På ein herregard i Roslagen nordaust for Stockholm møter dei opp, alle saman. Stemninga er litt uhyggeleg og mystisk, men alle er glade for å sjå kvarandre igjen etter eitt år. Paul Hjelm og Kerstin Holm har funne kvarandre og lever saman, Lena Lindberg er tilbake som gatebetjent og Viggo Norlander er mirakuløst nok blitt frisk av kreftsjukdommen. På herregarden har arrangøren tenkt på absolutt alt; den over to meter lange Jon Andersson har fått ei heilt perfekt lang seng - og pensjonisten Jan-Olov Hultin, plaga med inkontinens, har blitt tildelt eit heilt eige toalett i tilknytning til rommet sitt.

Kven har så arrangert dette treffet? Alle mistenker alle og gjettar på alle: Er det Arto Söderstedt som står bak? Eller kanskje ekteparet Sara Svendhagen og Jorge Shavez? Kva med Gunnar Nyberg - som er blitt forfattar?

Det blir servert ein sær, men utsøkt 1700-tals middag. Medan måltidet går sin gang vert det fortalt - og innimellom kommentert - historiar.
På dette viset får forfattaren fortalt ti anektotar - eller noveller - som går over i ei ellevte.. 
Ringen blir slutta - samstundes som det blir ei ny byrjing..
Dei ulike historiane er sære, elegante og mystiske - og har lite til felles med dei ti føregåande bøkene i serien om A-gruppen.

Eg har "lest" Elva som lydbok, opplest (på svensk) av Torsten Wahlund. Eg tykkjer det er lettare å forstå svensk når eg lyttar - og ikkje les sjølv - men dette har absolutt vore ei utfordrande leseoppleving. Eg forsto innhaldet, men har ei kjensle av at enkelte detaljar/nyansar har gått meg "hus forbi" sidan eg ikkje forsto alt 100%. Eg er nøgd med boka og kjem til å lesa ho på nytt dersom/når ho vert utgitt på norsk.

Fleire smakebitar denne søndagen - på både norsk og svensk - finn du på bloggen Flukten fra virkeligheten.

30. april 2015

Oppsummering april

Påbyrja i mars, fullført i april:
Anne Holt og Even Holt - Sudden death - Norsk krim - Lånt ebok
William Landay - Til Jacobs forsvar - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i april:
Merete Junker - Pumasommer - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Arne Dahl - Etterskjelv - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Arne Dahl - Himmeløyet - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Leif GW Persson - Linda - som i Lindadrapet - Svensk krim - Lånt ebok
Yrsa Stenius - Tills vingen brister - Svensk biografi - Lånt lydbok
Ragnar Kvam jr. - Straffen - Biografisk/historisk - Kjøpt papirbok
Camilla Läckberg - Løvetemmeren - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
Frode Grytten - Vente på fuglen - Mikronoveller - Papirbok lånt på biblioteket
Sascha Arango - Sannheten og andre løgner - Tysk spenningsroman - Lydbok lånt på biblioteket
Harald Welzer - Gjerningsmenn - Krigshistorisk/dokumentar - Papirbok lånt på biblioteket
Simon Stranger - De som ikke finnes - Ungdomsroman - Lånt ebok
Ragnhild Kolden - Krigens skugge - Norsk roman, (etter)krigshistorisk - Lånt ebok

Påbyrja i april, fullførast i mai: 
Tana French - Lik - Irsk krim - Papirbok lånt av mor
Arne Dahl - Elva - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Merete Junker - Venuspassasjen - Norsk krim - Lånt ebok



Litt meir variert denne månaden. I tillegg til 8 krim- og spenningsbøker vart det to biografiar, ei mikronovellesamling, ein ungdomsroman, ein etterkrigsroman og ei sakprosabok om 2. verdskrig.
I alt 4 ebøker, 3 lydbøker og 7 papirbøker. Som vanleg eit klårt fleirtal mannlege forfattarar.

Månadens høgdepunkt: Avslutninga av serien om A-gruppen, Etterskjelv og Himmeløye
Månadens nedtur: Sudden death

25. april 2015

Bokomtale: De som ikke finnes av Simon Stranger

Cappelen Damm 2014
174 sider
Kjelde: Lånt ebok

Vanlegvis les eg ikkje ungdomsromanar, men sidan De som ikke finnes er nominert både til Bokbloggerprisen 2014, Uprisen 2014 og til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2015 - følte eg at dette var ei bok som måtte lesast. Det vart dessutan sagt at boka er ein politisk roman som også vaksne kan lesa.

Eg lånte boka via ebokbib - og las ho ut på ein kveld. Fyrst og fremst fordi ho er kort (174 sider), men også fordi boka er aktuell og meiningsfull og fordi temaet er fengande og opprørande. Det er ei bok som grip tak i lesaren umiddelbart - og grepet vert verande der - også etter avslutta lesing. Boka har ein viktig bodskap til oss alle.

Forfattaren Stranger (som ser ut som om han er 15 år på det offisielle biletet sitt, men ifølge Wikipedia er han faktisk ein vaksen mann på 39) har gitt ut 5 romanar og 2 barnebøker før De som ikke finnes. Sjølv har eg ikkje lest noko av forfattaren tidlegare.

Boka handlar om Samuel frå Ghana og Emilie frå Bærum. Samuel er ein av desse personane "som ikkje finst"; han er ein papirlaus flyktning, noko som vil sei at han er utan papir, utan rettar, utan status, utan vern - og nesten utan vener. Berre Amadou - som han mistar kontakten med medan dei er på flukt i Europa - og Emilie, som han ein gong traff på Gran Canaria - og som han har adressa til på ein lapp i lommen sin. Men korleis i alle dagar skal Emilie kunna hjelpa han? Og - kan ho i det heile stola på han? Ho vart så betatt av Samuel der nede på Gran Canaria - men når han dukkar opp i den trygge heimen hennar, vert ho både skremt og fortvila. Samuel er vanskeleg å forholda seg til - nettopp fordi han ikkje "kan finnast".
"Det verket i fingrene. Hadde han vært som alle de andre i byen, da hadde han dratt til legen. Da hadde han fått tatt røntgenbilde av hånden, fått sårsalve, bandasje, en sykemelding, men han er ikke som dem. Fingrene må bare verke, for heller ikke de finnes. Verkingen finnes ikke. Smerten hans finnes ikke."
De som ikke finnes fortel ikkje egentleg noko nytt, men er skremmande aktuell akkurat no. Det finst ufatteleg mange "Samuelar" der ute. Unge menneske som i desperasjon flyktar frå heimlandet sitt, gjennomgår urett, redslar, fornedringar og lidingar, - og som har som mål å skapa ei betre framtid for seg og sine. På ein lettfatteleg måte viser forfattaren også kor enkelt det er å vera fordomsfri og positiv til flyktiningar og asylsøkjarar - så lenge dei held seg litt på avstand. Kjem dei for nær, vert det liksom meir problematisk.

Mange ungdommar har skrive anmeldelsar av denne boka på nettsida til Uprisen. Dei fleste er klart positive, men ikkje alle. Dei som er negative grunngjev dette med "for lite spenning" - men eg vil heller tru at det skuldast temaet og det urettferdige og brutale innhaldet som kan gjera boka ubehageleg å lesa.
For meg er det negativt at boka sluttar som ho gjer - men eg kan likevel anbefala ho - spesielt til unge lesarar. Boka er lettlest, med konkrete handlingar, lågt sidetal, korte setningar og utan vanskelege ord. Skiftet av perspektiv og skifte av notid/fortid bør heller ikkje by på problem.

De som ikke finnes er dyster og trist - på grensa til å vera for sentimental faktisk, etter min smak - men er likevel ein svært viktig roman. Boka er samlesingsboka for april i samband med nominasjonen til Bokbloggerprisen 2014, open klasse. 

21. april 2015

Samleinnlegg: Vårlesing - del 2

Dei siste par månadene har eg kun lest etter lystprinsippet og innfallsmetoden - og det vert såleis mykje krim og spenning. Og ein og annan biografi innimellom.


Sudden death av Anne og Even Holt
Vigmostad og Bjørke 2014
445 sider

Tittelen spelar ikkje på sportsuttrykket, men viser til ein hjartesjukdom som kan råka friske og veltrente idrettsutøvarar.

Omhandlar ulike tema som spionasje og agentverksemd, farmasi og forsking, fotball og doping, samt væpna ran, truslar og drap. Sentralt i hendingane både i Oslo og i London står hovudpersonen Sara Zuckermann - som denne gongen er ein meir truverdig type enn i Flimmer.

Bok nummer to frå søskenparet Holt var likevel ikkje så bra som forventa. Historia er spennande nok og handlinga er lagt til eit uvant og interessant miljø, men eg tykkjer at spenninga og framdrifta vert øydelagt av irriterande mange tekniske/ medisinske/farmasøytiske forklaringar og detaljar. Terningkast 3.


Pumasommer av Merete Junker
Gyldendal 2012
368 sider


Junker si tredje krimbok med handling frå Grenlandsområdet er fortlest og grei. NRK-journalisten Mette Minde deler i denne boka merksemda - og meir til - med politimannen Torkel Vaa. Frå kvar sin kant nærmar dei seg ein temmeleg spesiell drapsperson. Det viser seg at det er Torkel personleg som er i fokus for dei sjuke ideane til denne personen.

Boka har god framdrift og forholdsvis truverdige karakterar og hendingar. Ho er brukbart engasjerande, men plottet er frykteleg oppkonstruert. Løysinga fann eg ut av ganske tidleg, - og det er for så vidt greitt - men eg likar best å bli overraska når eg les krim. Terningkast 4-.



Løvetemmeren av Camilla Läckberg
Gyldendal 2015
381 sider


Bok nummer ni i Fjällbackaserien er ein irriterande bra og lettlest pageturner. Läckberg held seg til den velkjende oppskrifta/ formelen ho har nytta tidlegare - den som fungerer og som har skaffa ho titusenvis av begeistra lesarar. Fansen vert ikkje skuffa denne gongen heller.

For altså - trass i at ein får ei kjensle av å ha lest det før; historia er godt samanskrudd og temmeleg spennande og engasjerande. Eg irriterer meg alltid over familie- og kvardagspludringa til Läckberg, men dersom ein klarer å sjå vekk frå desse irritasjonsmomenta er ikkje boka så verst.

Som vanleg er det politimannen Patrik som etterforskar og ektefellen og forfattaren Erica som blandar seg borti politisaka. "Tilfeldigvis" jobbar ho med ei sak som har forgreiningar til den pågåande etterforskinga. Som vanleg vert det også fortalt ei parallellhistorie frå ei mørk fortid. Terningkast 4-.



Linda - som i Lindadrapet av Leif GW Persson
Schibsted 2015
589 sider


Nyutgjeving av boka frå 2005. GW Persson er i sitt ess når han skriv om den håplause og uspiselege politimannen Evert Bäckström. Boka er skriven i ein satirisk stil og har høg humrefaktor, samstundes som ei interessant kriminalgåte får si oppklaring.
Det handlar om valdtekt og drap på ein kvinneleg politistudent. Saka ser enkel ut, men visar seg å vera nokså komplisert, - og dermed altfor vanskeleg for den vulgære, fordomsfulle og egoistiske kommissær Bäckström. Til slutt må kollega Anna Holt ta grep.

GW skriv som alltid treffsikkert og med snert. Eg likar skrivestilen; humor og alvor side ved side - men tykkjer boka er for lang. Terningkast 4.


Silkeormen av Robert Galbraith
Cappelen Damm 2015
524 sider

Bok nummer to i serien med privatetterforskar Cormoran Strike og assistenten hans, Robin Ellacott; eit sjarmerande og originalt par.
Klassisk krim i ny innpakning frå sjølvaste Harry Potter-opphavet. Galbraith/Rowling er kjempegod når det gjeld skildringar, karakteristikkar og i det å byggja ei god historie.

Sjølve krimforteljjinga handlar om eit ganske så brutalt drap. Ein forfattar forsvinn med eit spesielt bokmanus og kona hans engasjerer Strike for å finna att ektemannen. Og han vert funnen - svært så død, surra som ei svinesteik, med innvollar og diverse fjerna frå kroppen. Rundt den døde har mordaren dekka på med tallerkar og bestikk..! Politiet mistenker kona for å stå bak. Strike og Robin jobbar på sidelinja og prøver å finna ut av det heile.
Terningkast 5.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Sannheten og andre løgner av Sascha Arango
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:33

Ein fin tittel på ein underhaldande og overraskande spenningsroman med ein hovudperson heilt utanom det vanlege. Boka er både ein psykologisk thriller og ein humoristisk kriminalkomedie.

"Forfattaren" Henry Hayden har eit litt "romsleg forhold" til dette med sanning, løgner, bedrag og hemmelegheiter. T.d. er det kona som egentleg skriv bøkene hans, sjølv er han heilt talentlaus.
Ein dag viser elskerinna hans eit ultralydbilete av barnet dei ventar - og Henry sin oppkonstruerte fasade er med eitt i ferd med å smuldra opp. For å komma ut av denne knipa lagar Henry ein listig og dristig plan - men så skjer ein feil - og forviklingane er utan ende.
Eg likte boka godt. Ho er vittig og smart, har ei sarkastisk og elegant forteljarstemme og er passe lang. Karakterane er fargerike og mangfaldige. Godt opplest av Duc Mai-The. Terningkast 5-.



Til Jacobs forsvar av William Landay
Cappelen Damm 2014
Speletid 14:14

Eg brukte unormal lang tid og sleit med å komma i gang med denne. Boka bør lesast mest muleg samanhengande fordi ho krev ein del konsentrasjon.
Handlar om at den 14 år gamle sonen til ein visestatsadvokat vert sikta og tiltalt for overlagt drap på ein skulekamerat. Eg likte den kyniske, intense og litt bitre forteljarstemma til faren i familien. Etter kvart som rettssaka går sin gang vert lesaren meir og meir i tvil:
Er Jacob skuldig eller ikkje? Og kva med forteljaren - faren - snakkar han sant? Fortel han alt han veit? Kan ondskap og drapslyst gå i arv? Finst det eit drapsgen? Kor langt kan ein forelder gå for å forsvara barnet sitt?
Eit interessant og skremmande møte med amerikansk rettsvesen og -praksis. Dialogane/utspørjingane i rettssalen er spesielt velskrivne. Boka gir også eit fascinerande innblikk i ein tidlegare tilsynelatande velfungerande familie på veg mot full oppløysing. Avslutninga er uventa og sterk, men på ein måte "riktig".
Til Jacobs forsvar er ubehageleg å lesa/lytta til, men det vart alt i alt ei god leseoppleving - trass i startvanskane. Nydeleg opplest av Anders Ribu. Terningkast 5.


Tills vingen brister av Yrsa Stenius
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek 2005

Via ein kollega som er svaksynt lånte eg denne biografien om Jussi Bjørling. Lydboka er på svensk, men opplesaren les behageleg, tydeleg og passe seint og er difor ikkje vanskeleg å forstå.
Det blir ikkje jul utan at ein har høyrt O Helga Natt med Jussi Björling. 54 år etter at han døydde "lever" Björling enno - på ein måte, takka vere plateinnspelingar og andre opptak av den unike stemma hans.
Ei god bok om ein av dei største operasongarane verda har sett nokon gong - ein heilt spesiell mann med eit heilt spesielt talent. Forfattaren legg vekt på baksida av medalja - det var nok vanskeleg å veksa opp med ein einsleg kunstnarfar, verta barnestjerne i ein alder av 4 år og seinare; ein verdskjend og beundra kunstnar med dårleg helse og alkoholproblem.
Björling "brann sitt lys i begge endar" og døydde berre 49 år gammal. Terningkast 4.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Fleire samleinnlegg:
Vårlesing del 1
Vinterlesing

15. april 2015

Biografilesesirkel: Straffen av Ragnar Kvam jr.

Tema for årets andre biolesesirkel hos Ingalill/Moshonista er Forbrytelser og straff - eit tema som ein skulle tru passa bra for min kriminelle lesesmak. Eg ser fram til å lesa blogginnlegg om meir eller mindre skumle forbrytarar og meir eller mindre barbariske straffemetodar.

I forrige runde, då det handla om Herrer med bart, las eg (heilt tilfeldig; boka vart vald ut på måfå) Den tredje mann, historia om Hjalmar Johansen - og fekk då sans for Ragnar Kvam jr. sin skrivestil og evne til å formidla historiske hendingar og menneskelege lagnader.

Så eg hadde verkeleg flaks då eg fann Straffen av same forfattar i den lokale bokhandelen for nokre veker sidan. Der hadde nok boka lege og samla støv sidan ho vart utgitt i 1999; ho hadde fleire raude prislappar på og smussomslaget var blitt nokså slitt. Eg kjøpte boka for 20 kroner.

Straffen handlar om Knud Geelmuyden Bull (1811-89) - bror til den verdenskjende fiolinisten og komponisten Ole Bull. Knud var i likskap med broren utstyrt med kunstneriske evner; han synte alt i ung alder talent for teikning og måling. Då han var 15 år var han elev hos den store kunstnaren J. C. Dahl, men han lukkast ikkje heilt i å skapa seg ein karriere som kunstmålar. Han var på farten rundt i Europa og fekk sannsynlegvis etter kvart økonomiske problem. Den kreative Knud freistar å finna ei løysing på dette - men det går galt.

I desember 1845, i Central Criminal Court i London, vart Knud og kompanjongen Peter Schmidt, også han norsk, dømt "til transport for ein periode på 14 år" - dvs. deportasjon til straffekolonien Australia. Dei to vart dømde for falskmyntneri, og ein kan jo stussa på den umenneskelege strenge straffen dei vart idømde. Men brotsverket var ganske grovt og både norske og britiske styresmakter slo hardt ned på det. Bull og Schmidt lukkast berre nesten i å forfalska ein 100-dalarseddel (ein norsk spesidaler), men hadde skaffa seg utstyr og papir til å trykka omlag 2000 sedlar - tilsvarande ein femtedel av det norske statsbudsjettet i 1845. Så langt kom ikkje dei to - gravøren dei engasjerte tipsa politiet og dei to vart tatt før dei var skikkeleg i gang med forfalskinga.

Eit halvt år etter at Knud Bull mottok dommen, vart han stua saman med eit par hundre andre fangar på fangeskipet "John Calvin". Forfattaren brukar store deler av boka til å fortelja om denne reisa til Australia. Ombord var det skrekkelege og mildt sagt kummerlege forhold. Tenk deg alle desse fangane; i lenker, sjøsjuke, brennande tropesol, tyfus-utbrot, dårleg hygiene, lite mat...
Overfarten varte i 4 månader og i løpet av den tida fekk Knud Bull visse privilegiar. Skipslegen ombord var kunstinteressert og gav nordmannen målarsaker.

Fyrst havna Knud i den brutale straffekolonien Norfolk Island, ei lita øy mellom Austalia og New Zealand, - deretter vert han overflytta til ein annan og noko opnare straffekoloni på Tasmania. Her fekk han også høve til å måla. Takka vere sine kunstneriske evner og ein byråkratisk tabbe vart han ein "fri" mann alt i 1853. Han gifta seg med ei engelsk straffedømd kvinne og fekk fem barn med henne. Han livnærte seg som kunstmålar, teiknelærar og elles forefallande arbeid. Familien busette seg i Hobart, Tasmania, og flytta seinare til Sydney, Australia.

Ole Bull, felespelaren, hadde kontakt med bror sin og freista å få han til å flytta til USA då Ole grunnla nybyggjarkolonien Oleana i Pennsylvania, men Knud valde å bli verande i Australia. Han vende heller aldri heim til Noreg og døydde i Sydney i 1889.

"View of Hobart Town" - måleri av Knud G. Bull,
henta frå 
commons.wikimedia.org
Straffen er ei interessant, illustrert og lettlest bok på berre 187 sider; midt i blinken for ein biografilesesirkeldeltakar med (altfor) mange bøker på gang og på vent. Ragnar Kvam jr. fortel historia om Knud Bull med psykologisk innsikt og innleving, og eg fann det interessant å lesa om denne for meg heilt ukjende mannen, "det sorte fåret" i ein fin Bergensfamilie.

Interessant var det også å lesa om straffemetoden transportering eller deportasjon. Storbrittania sende (grunna fattigdom, aukande kriminalitet og overfylte fengsel) sine forbrytarar til andre deler av Det britiske imperiet: Til Nord-Amerika fram til slutten av 1700-talet - og til Australia fram til 1868 då det endeleg vart slutt på deportasjonane. Frankrike nytta heilt fram til 1946 Fransk Guyana i Sør-Amerika som straffekoloni. Alle som har lest Papillon av Henri Charrière kjenner godt til den berykta Djeveløya som høyrde til denne franske straffekolonien.

Ragnar Kvam jr. har fortalt at han "oppdaga" Knud Bull og lagnaden hans i samband med eit besøk i Hobart då han var på leit etter stoff om Hjalmar Johansen, Den tredje mann.
Forfattaren er elles mest kjend for trebinds-biografien om Thor Heyerdahl. Hittil har eg ikkje hatt så lyst til å ta til på det verket - heile tre bind om ein einaste mann liksom? - men eg vurderer no faktisk å prøva meg på den fyrste boka. Ragnar Kvam jr. er nemleg ein - om ikkje eineståande - så i alle fall ein god forteljar.

14. april 2015

Mikronoveller på vent

Eg var på biblioteket i dag og lånte Vente på fuglen av Frode Grytten. Denne mikronovellesamlinga kom ut i fjor og eg har tenkt at eg skulle lesa boka - berre eg fann ho ein plass. Og det har eg altså no gjort.
Eg ser fram til å lesa desse små underfundige tekstane frå ordkunstnaren Grytten. Kvar "novelle" er ein tweet på 140 bokstavar og teikn, ei på kvar side av boka (på i alt 208 sider). Eg har tenkt å bruka tid på denne og lesa nokre få tekstar kvar dag.

Frå omslagsteksten:

Fødsel. Død. Sorg. Glede. Kjærleik. Utruskap. Hengemagar. Trofékoner. Ungkarar. Augustkveldar. Søndagsturar.

Frode Grytten viser at det er mulig å skrive ultrakort om dei store tinga i livet. På 140 teikn fortel han om korleis vi lever, elskar og går under. 
Vente på fuglen er eit utval av dei beste mikronovellene frå Gyttens populære Twitter-prosjekt.

«Burettslagsblues i juni. Dugnad i femte. Oppussing i fjerde. Krangling i tredje. Stille i andre. Puling i første. Skitentøyvask i kjellaren.»

«Mange år seinare går det opp for ho kva ho skulle ha svart den junikvelden då ho var 17, han var ny og spurte om dei skulle vere kjærastar.»

«Å vakne med tre jenter i senga. Å vakne med kone, dotter (3) og endå ei dotter (1). Å vakne med dei som ein elskar. Aprilmorgon. Aprillykke.»

Beathe har ny fin blogg; Beathes bokhjerte, der ho held fram med utfordringa "Boken på vent".