Viser innlegg med etiketten bibliotek. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bibliotek. Vis alle innlegg

16. april 2014

Endeleg

får også me som bur i Sogn og Fjordane låna ebøker på biblioteket. Utvalet er førebels noko begrensa, men me er i gang! Ebok-lanseringa vart markert forrige veke på eit arrangement på Sogndal bibliotek.

Skjermdump: sognavis.no
Fylkesbiblioteksjefen seier til Sogn Avis at det er flott at alle får lik tilgang til heile e-boksamlinga uansett kvar ein bur i fylket og kor stor heimkommunen er. Det er eg veldig enig med ho i.


Dei to fyrste bøkene eg lånte "på ebok-måten" vart 
Gro + Anja = Mio av Anja og Gro Hammerseng-Edin 
og Mellom rødt og svart av Jan Guillou.

1. juli 2013

Oppsummering juni


Påbyrja i mai, fullført i juni
Sommerperler 2013 - Novellesamling - Papirbok fått frå Juritzen forlag
Gillian Flynn - Flink pike - Amerikansk thriller - Digikort lånt på biblioteket

Lest i juni
Peter Temple - Mørk kyst - Australsk spenning - Papirbok lånt på biblioteket
Helga Flatland - Reis hvis du kan. Bli hvis du må. - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Aslak Nore - En norsk spion - Norsk spenningsroman - Lydbok lånt på biblioteket
Jo Nesbø - Politi - Norsk krim - Fått papirbok
Astrid Loraas (red.) og Mona Pedersen (red.) - Geriljabroderi - Norsk humor/dokumentar - Papirbok lånt på biblioteket
Tom Kristensen - Korsbæreren - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Belinda Bauer - Blacklands - Britisk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Lars Mæhle - Den mørke porten - Norsk krim - Meldareksemplar, papirbok fått frå Samlaget
A. J. Kazinski - Den siste gode mann - Dansk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Tom Kristensen - Dypet - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket

Påbyrja i juni, fullførast i juli
Cecilia Samartin - Drømmehjerte - Roman - Papirbok lånt av mor
Jens Lapidus - Cash - Svensk krim - Papirbok lånt på biblioteket

Skjermdump frå bokelskere.no

Denne månaden har eg kun lest bøker som eg har lånt eller fått. Lesing treng ikkje vera nokon dyr hobby! Månadens høgdepunkt var naturlegvis Politi. Av bøker som ikkje heilt innfridde mine høge forventningar denne månaden, må eg trekka fram både Mørk kyst, Flink pike og Korsbæreren. Ingen av bøkene er dårlege (i mitt personelege karaktersystem betyr terningkast 4 at boka er god), men ut frå omtalar og anbefalingar eg hadde lest på førehand, hadde eg forventa at eg skulle få noko meir, noko ekstra. Det fekk eg ikkje. Eller kan hende er eg kresen.

To bøker som overraska positivt var Reis hvis du kan. Bli hvis du må og En norsk spion. Begge var veldig bra og - kvar på sin måte -  handlar dei om den norske "innsatsen" i Afghanistan.

Håpar alle får mange fine lesestunder i juli!

Dersom du ønskjer å sjå kva andre bokbloggarar oppsummerer for juni månad, kan du klikke på lenkene nedanfor. Her kan ein snappe opp gode lesetips! Det er Anette i anettesbokboble som har teke initiativ til dette blogghoppet.




14. juni 2013

Bokomtale: En norsk spion av Aslak Nore

Lydbokforlaget 2012
Opplesar: Axel Aubert
Speletid: 11 t 20 min
Lånt på biblioteket

Imponerande og underhaldande spionthriller


En norsk spion - i lydbokformat - er krevjande lesing, særleg i starten. Det er mange detaljar, framande faguttrykk, ukjende miljø og person- og stadnamn som skal på plass. Ei papirbok å bla i, eit kart og ei notisbok og penn hadde heilt klart vore gode hjelpemiddel, - men er du konsentrert nok når du lyttar, går det greitt likevel. For boka fengar heilt frå starten, lesaren skjønnar at forfattaren verkeleg meiner noko med det han skriv om. Her er driv og tempo samstundes som det er plass for det ettertenksame:
"Frykt og fare er ikke det samme. Fare er en relativt objektiv størrelse – den kan kalkuleres og estimeres av all verdens analytikere og risikoeksperter nesten slik meteorologene snakker om været. Risiko settes opp mot gevinst, og du kan sette to streker under svaret. Frykt er noe annet: Den handler nettopp om mangel på kontroll, en følelse av kaos. For en etterretningsoperatør er det avgjørende å kunne balansere de to. Frykt og fare, hjerte og hjerne."
Peter Wessel (Jepp, ein namnebror av sjølvaste Tordenskjold, sjøhelten - og Zapffe, filosofen) er hovudperson og einaste forteljarstemme. Det handlar om norsk etterretning og hemmelege operasjonar i Afghanistan, og handlingane går stort sett føre seg her og i Dubai, og via tilbakeblikk andre stader i verda, særleg Libanon.

Ein "skikkeleg" romanspion (tenk på James Bond) skal vera litt for god, litt for pen og litt for smart til å vera sann. Peter Wessel er òg ein slik figur, men han har noko alvorleg, melankolsk og tenksamt ved seg i tillegg.

Som bakteppe til hendingane i boka har me storpolitikken; Den kalde krigen, Sovjet si krigføring i Afghanistan, framveksten av Taliban og Al-Quaida. USA og FN si rolle når det gjeld dei kompliserte tilhøva i Afghanistan, Iran og mange andre land i Midt-Austen og den arabiske verda vert også nemnde i boka. Forfattaren framstiller slett ikkje situasjonen i denne delen av verda i "svart/kvitt", her er alle gråtonane også med. Her er ikkje alle muslimar "skumle og slemme". Nore tek ikkje parti, han skal ha ros for at han ser nyansert på det heile. Og han ser med kritiske auge på Noreg si internasjonale rolle som både fredsmeklar og krigsdeltakar.

Språket i boka flyt lett trass i at handlinga er noko kompleks. Boka kan oppfattast som "macho" og full av testosteron, som om ho fyrst og fremst skriven for menn, med alle dei militære omgrepa og detaljerte skildringane av våpen og militært utstyr. Samstundes er boka "feminin" på den måten at ho er så full av kjensler; venskap, kjærleik, sorg, skuldkjensle, moral, forvirring, fortviling. Miljø-, natur- og kulturskildringane er levande og er prega av at forfattaren er kunnskapsrik og har brukt mykje tid på research. Boka er både underhaldande, tankevekkjande og opplysande, - den einaste innvendinga eg har er at det kanskje vert for flinkt, for belærande, for ambisiøst. Kan hende hadde boka vore enno betre med litt stripping; om noko av dei mange detaljane hadde vore kutta ut.

Hendingane og personane i boka virkar å vera truverdige og stilen er tidvis dokumentarisk. Spenningsnivået er stigande utover i boka -  akkurat slik som ein spionroman skal vera. I yngre år las eg mange agent-/ spionromanar; eg slukte bøkene til Ian Fleming, John Le Carré og Alistair MacLean. Seinare har eg lese mange av bøkene i Jan Guillou sin serie om Carl Hamilton. Det er overraskande, imponerande og gledeleg at Aslak Nore og En norsk spion kan samanliknast med desse.

Andre bokbloggarar som har sagt si meining om En norsk spion:
Lines bibliotek, Bokbloggeir, Hysj! Lesing pågår, Krimbloggeren, ebokhylla mi.

4. juni 2013

Australsk krim på vent

Den einaste kjennskapen eg har til australsk krim frå før, er TV-serien Politiagentane (Stingers) som gjekk på fredagane for nokre år sidan. Hugsar ikkje så mykje av serien, berre at eg likte den godt.

No har eg ein australsk kriminalroman på vent, - eg ser verkeleg fram til å ta fatt på Mørk kyst av Peter Temple. Boka har eg lånt på biblioteket.

Her er ikkje urbane politiagentar som i den nemnde TV-serien; hovudpersonen er "landsbypurk" i ein liten australsk kystby. Forlaget seier dette om boka:
"Mørk kyst er ikke bare en av de største internasjonale krimsuksessene de siste årene, men også en moderne litterær klassiker. Peter Temples bok overskrider de fleste sjangergrenser: et unikt portrett av det australske samfunnet, en hardkokt krim om makt, politikk og rasemotsetninger, en egenartet psykologisk roman om håp og desillusjon, familie og hjemsted, om behovet for å leve ærlig i en løgnaktig verden."
Eg er spent, for smaken er som baken: Tone likte boka veldig godt "fra første til siste side", medan May Britt fann boka kjedeleg og seier "styr unna!"


"Boken på vent" er fast boktema på bloggen beathesbokhylle.

Du finn mange andre ventebøker og spennande boktips om du klikkar deg inn her!



22. mai 2013

Bokomtale: Kirsebærsnø av Ingelin Røssland

Samlaget 2012
201 sider
Lånt på biblioteket

Beathe i beathesbokhylle skriv i omtalen sin at dette er ei perle av ei bok.
Det har ho heilt rett i.

Eg hadde lagt merke til at Kirsebærsnø vart omtalt på ymse bloggar og nettstader, men ikkje sett på boka som spesielt fristande for min eigen del. Likevel vart boka med meg heim då eg var ein snartur på biblioteket her ein dag. Seint i går kveld tok eg ho fram og bladde litt, og før eg visste ordet av det hadde eg lest halve boka! Siste halvdel er nettopp ferdiglest.

Dette er ei kvardagshistorie frå Hardanger. Kan hende er historia enkel og banal, men ho er velsigna ujålete og gir fyrst og fremst eit ærleg inntrykk. Difor er boka rett og slett god. Røssland brukar eit levande og enkelt språk, og boka inneheld mange fine og ekte dialogar. For meg er det òg eit pluss at ho er skriven på nynorsk.

Hovudperson er Cathrine som har vore gift med Tom Ove i mange år, - og i ekteskapet har ho nok ofra seg og "mista litt av seg sjølv". Men så dukkar det opp ein mann som verkeleg ser henne, - den nyinnflytta svenske dyrlegen Alex. Cathrine slit med at omgjevnadene tek ho for gitt, og no - omsider -  får ho den merksemda ho så sårt saknar, frå ein mann ho vert veldig betatt av.
"Alex går nærmare henne, farlig nær. Ho ser opp på han, inn i dei blå auga, og der inne ser ho seg sjølv falla. Falla for måten han ser på henne på, fordi det er som om han verkeleg ser henne.."
I tillegg til samlivsvanskar, slit Cathrine med konfliktfylte forhold til mor si og dotter si. Samstundes har ho eit varmt og godt forhold til bestemora si.
"Besta tar handa til Cathrine og klemmer den, det er framleis kraft i den gamle kroppen. Så lukkar ho auga igjen. Cathrine legg andre handa si varsamt over handa til besta. Stryk med fingertuppane over den hovne handbaken med raudleitt, spent hud. Cathrine stryk og stryk, det er så mykje ho vil ha sagt. Det er ingen som forstår henne sånn som besta gjer.."
For meg var boka ei svært positiv overrasking. Kirsebærsnø er ei lettlest, passe lang, truverdig og tankevekkjande bok. Me er mange som kan kjenna oss att i historia som vert fortald. Ingelin Røssland skriv om det moderne livet på bygda, på godt og vondt. Og slagordet "det enkle er ofte det beste" kan også gjelda for bøker.

Meir om Kirsebærsnø og andre fine tekstar finn du på Ingelin Røssland sin blogg.