12. juli 2013

Mengele Zoo - Folkets favoritt

Ei bok som ikkje går i gløymeboka med det fyrste..

Mengele Zoo vart kåra til "Folkets favoritt" av Dagbladet og NRK i samband med Litteraturfestivalen på Lillehammer i 2007. Ganske overraskande vann Gert Nygårdshaug framføre forfattarar som Ibsen, Undset og Hamsun. Boka kom ut på Solum forlag i 1989, og trass i gode kritikkar, tok ikkje salet av på nokon måte den gongen. Fyrst då Cappelen ga ut boka på nytt i paperback-versjon i 1995 tok interessa av, fortalde forfattaren til NRK då den nemnde kåringa fann stad. I desse dagar er det 20. opplaget på veg ut - Mengele Zoo får stadig nye lesarar. Deriblant underteikna.

Gert Nygårdshaug har gitt ut mangfoldige bøker i mange ulike sjangar. Sjølv har eg stor sans for krimserien om hobbydetektiven, kodeeksperten og gourmetkokken Fredric Drum. Spesielt likte eg den fyrste boka, Honningkrukken, som har eit plott og ei løysing som er hinsides alle andre krimbøker eg har lese. Elles har bøkene i Drum-serien etter mi meining ulik kvalitet.
Eg har også lest Dverghesten og Søthjerte, - dei likte eg rett og slett ikkje. Boka Nullpluss byrja eg på ein gong, men avbraut. Ei Nygårdshaug-bok som eg likte veldig godt er Chimera. Eg høyrde lydboka i fjor, og gav den då ein femmar på terningen. Handlinga i øko-thrilleren Chimera er lagt til ei nær framtid og tema er m.a. miljøvern, klimakrise og befolkningsauke.
Korleis me menneske forvaltar ressursane på jorda, er også hovudtemaet i Mengele Zoo.


Mino Aquiles Portoguesa veks opp i ein liten landsby i regnskogen ein stad i Latin-Amerika. Jungelen er full av vakre og sjeldne sommarfuglar, og far til Mino lærer sonen å fanga og preparera desse. Så ein dag, når Mino kjem attende frå sommarfugljakt, er landsbyen borte og alle innbyggjarane slakta ned. Mino er 11 år og åleine i verda. Han bestemmer seg for at han ein dag skal hevna seg - og går ut på vandring.

Boka er politisk og samfunnskritisk; forfattaren rettar eit kraftig angrep mot kapitalisme og imperalisme, mot undertrykking og utbytting av Den tredje verda, mot utnytting av naturressursar. Fokuset er miljøvern og berekraftig utvikling, fortalt på ein lettfatteleg og naiv måte gjennom augene til Mino. Eg likte best den fyrste delen av boka, der me føl barnet Mino gjennom eit omflakkande liv med ufattelege utfordringar og fantastiske eventyr. Han møter fattigdom, ondskap og brutalitet, men òg venskap og kjærleik. Ein omreisande tryllekunstnar tek seg av Mino ei tid, han vert kjæreste med den vakre Maria Estrella og får ein ven for livet i Orlando. Mino er ein gløgg gut, og gjennom den leseglade Orlando finn Mino fram til verda av bøker. Orlando fortel Mino om nazilegen Josef Mengele som flykta til Sør-Amerika etter krigen og som hadde planar om å gjera heile Latin-Amerika til sin eigen private zoologiske have; Mengele Zoo.

Etter fleire år på flukt sler Mino og Orlando seg saman med to andre medstudentar og dannar ein organisasjon dei kallar Mariposa-bevegelsen. (Mariposa er spansk og betyr sommarfugl) Dei fire har ulike bakgrunner, men har ei sterk fellesskapskjensle og idèen om at dei skal redda verda: For at verda skal kunna reddast må regnskogane reddast. For at verdas befolkning skal reddast, må maktpersonar og andre som har utøvd miljøkriminelle handlingar - drepast. Aksjonane - terroren - vert gjennomført over heile verda, dei fire i organisasjonen er listige, heldige og dyktige. Akkurat denne delen av boka er litt ubehageleg å lesa - ein føler med eitt ein sterk sympati med terroristar. Men Mariposa-gruppa sine terroraksjonar er målretta og "rettferdige" og råkar kun dei ansvarlege for grove overgrep og miljø-øydeleggingar. Ja, så dyktig utført at verdsopinionen er i ferd med å snu. Folk og media skjønnar kvifor gruppa handlar som dei gjer: Motivet er å redda verda, redda regnskogen, redda jungelen og sommarfuglane.

Eg trur ikkje Nygårdshaug oppfordrar til terrorisme gjennom denne boka, men han set ting på spissen og får lesaren til å sympatisera med dei fire "prektige" terroristane - og med saka.
Mengele Zoo vekkjer mange ulike kjensler: beundring og sympati, men også avsky og skrekk. Alt i alt er dette ei viktig bok - og ei bok til ettertanke. Ei bok som er både skremmande og fascinerande, men som også er ei eventyrbok. Skildringane av natur, miljø, menneske og relasjonar er glimrande. Og sjølv om tematikken og handlinga er blodige og alvorlege, finst det mykje å humra over i boka òg. Her er rikeleg med humor, sarkasme og ironi.
Anbefalast varmt!

Oppfølgingsbøkene til Mengele Zoo; Himmelblomsttreets muligheter og Afrodites basseng, vert sett på leselista for hausten.

Eg har lytta til lydbokversjonen av Mengele Zoo, og har med vilje brukt lang tid. Ei slik bok kan ein ikkje berre "fossa gjennom".

6 kommentarer:

  1. Takk for at du minnet meg på denne, Berit - OG Fredric Drum! Jeg har hatt Honningkrukken på planen en stund, men har rett og slett glemt ut hele Nygårdshaug! Ser du leser Frode Granhus, han er også på leselista mi - helt i toppen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nygårdshaug er toppers - bøkene hans MÅ berre lesast!
      Granhus er 'ny' for meg. Så langt er det veldig bra.

      Slett
  2. flott omtale, og takk for påminnelsen. eg begynte å lese denne for en tid siden, men så presterte eg å miste boken ... skal definitivt lese ferdig når eg får tak i ny bok :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Mista bok?! Håpar du skaffar deg ei ny og får fullført ;-)

      Slett
  3. Så bra at du likte denne . Jeg har papirboka på tur snart her, da jeg ikke greide å holde meg våken nok til å høre på lydboka som jeg kjøpte for noen år siden. Men nå kan jeg jo supplere med den. Gleder meg:) har alle de andre i trilogien samt Chimera på bent også. Og Drum har jeg storkoste meg gjennom men det vet du vel :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, eg veit!
      Kombinasjonen lyd og papir er sikkert lurt når det gjeld Mengele Zoo.

      Slett