Eg les Brobyggerne av Jan Guillou, ein murstein på 560 sider, - og likar den veldig godt så langt. Guillou er vel best kjend som mannen bak action/agent/macho-serien om Carl Hamilton og den historiske trilogien om korsfararen Arn Magnusson. Brobyggerne er starten på ein heilt annan type serie.
Historia startar på Osterøy på 1880-talet. Tre små brødre vert farlause - eit forlis tok livet av både far og onkel - og gutane vert sende til Bergen for å arbeida. Når det syner seg at gutane er usedvanleg teknisk begava, tek selskapet Den gode hensikt ansvar for brødrene si utdanning. Målet er ingeniørstudiar i Dresden, Tyskland - og etter fullførte studiar skal dei etter planen arbeida som jernbaneingeniørar på Bergensbanen. I 1901 vert brødrene Lauritz, Oscar og Sverre Lauritzen uteksaminerte som diplomingeniørar frå universitetet i Dresden med toppkarakterar:
"Det hadde vært en lang reise, men nå var de fremme ved målet. For alle de tre brødrene burde det vært den lykkeligste dagen i deres liv, og ingenting de så ved hverandre tydet på noe annet.Berre eldstemann Lauritz vender attende til Noreg og Hardangervidda. Oscar flyktar langt vekk; til Tysk Øst-Afrika og Sverre reiser til London med den mannlege kjæresten sin...
Men det var noe Lauritz ikke hadde fortalt brødrene sine.
Det var også noe Oscar ikke hadde fortalt brødrene sine.
Og det var noe Sverre definitivt ikke hadde fortalt brødrene sine."
Den här är jag sugen på, men väntar på att tredje delen ska publiceras så att jag inte behöver vänta så länge om jag tycker om den.
SvarSlettJag har funderat på att läsa denna serie. Böckerna om Arn gillade jag, men har ännu inte kommit mig för att läsa denna serien. Tack för smakbiten!
SvarSlett