På nattbordet ligg her tre av haustens krimbøker |
Svært mange av dei nyare norske krimbøkene er dessutan altfor lange. Redaktør/konsulent /forfattar bør jobba meir med ei strammare redigering; dvs. å kutta i stoffet. "Det enkle er det beste", heiter det i eit slagord for ei kjend daglegvarekjede - og det gjeld ofte også kriminalromanar. Ved å kutta ut alt pjattet om uvesentlege ting trur eg sluttresultatet vert betre.
Dei svenske kriminalforfattarane Håkan Nesser og Arne Dahl er i stand til å skriva elegant, djupt og originalt om det meste, også om uvesentlege og kvardagslege ting og hendingar. Men det finst ingen norske krimforfattar som kan samanliknast med desse to.
Kriminallitteraturen dominerer alle sals- og utlånsstatistikkar. Enkelte vil hevda at kvantiteten øydelegg for kvaliteten; at det rett og slett vert gitt ut for mange krimbøker. Eg ser poenget, men er likevel ikkje heilt enig i det. For eg kan ikkje sjå at det er krimsjangeren det er noko gale med, men heller talentet på det enkelte forfattarskapet. Eg les innimellom dårlege og middelmådige krimbøker, men jammen kjem det ut svake/dårlege/mislykka bøker i andre sjangrar også!
Kva er så viktig for meg som krimlesar?
Jo, eg legg vekt på truverdige karakterar, gode miljøskildringar, samfunnsaktuelle tema og gjerne ein snedig komposisjon. Eg vil ha (ein viss grad av) realisme. Eg vil ha spenning. Eg vil ha eit godt og funksjonellt språk utan (for mange) klisjéar og språkblomstrar. Eg vil gjerne læra noko om historie, geografi og samfunnsforhold. Eg vil ha ei drivande handling, men ikkje nødvendigvis så høgt tempo. Eg vil ha ein hovudperson, ein krimhelt, som eg er (eller kan bli) godt kjend med. Eg set pris på kriminalromanar som utfordrar dei uskrivne reglane (også kalla "litterære formlar") som finst innan sjangeren. Eg likar humor, ironi og satire. Eg vil helst bli utfordra og overraska intellektuellt og kjenslemessig - og helst litt utmatta etter at eg har avslutta boka. I tillegg vil eg, som nemnd over, bli spart for uvesentlegheiter og pjatt. Eg er ute etter ei heilskapleg og god leseoppleving.
Gunnar Staalesen "leverer varene" denne gongen også. |
Javisst!
Og det trur eg at eg har til felles med dei fleste lesarar av norsk krim. Me vil ha krimlitteratur - med strek under litteratur, samt underhaldning og spenning.
Når det gjeld årets krimbøker, viser det seg nok ein gong at dei gamle er eldst. Eg har lest 20 av årets norske kriminalromanar til no, og det er bøkene til dei etablerte forfattarane Nesbø, Staalesen, Lindell, Fossum og Egeland eg rangerer høgast. Det er ein grunn til at nettopp desse forfattarane er kjende og populære.
I tillegg vil eg gjerne framheva ei bok av ein forfattar som inntil nyleg var fullstendig ukjend for meg: Broren av Olav W. Rokseth var ei verkeleg god leseoppleving. Det er flott at det dukkar opp slike nye dyktige spenningsforfattarar.
Nedanfor er mi personlege og subjektive vurdering av "mine" årets bøker innan krim og spenning, så langt. Klikk på boktitlane om du vil lesa omtalane mine.
Dette er mine favoritt kriminalromanar for 2014. Dei er svært bra (eg gav alle terningkast 5) og eg kan gi dei spesielle anbefalingar:
Egeland, Tom: Den 13. disippel
Fossum, Karin: Helvetesilden
Lindell, Unni: Brudekisten
Nesbø, Jo: Sønnen
Rokseth, Olav W.: Broren
Staalesen, Gunnar: Ingen er så trygg i fare
Følgjande krimbøker er så "lesbare" at eg har gitt dei terningkast 4:
Brekke, Jørgen: Doktor Fredrikis kabinett
Granhus, Frode: Djevelanger
Larsen, Frode Eie: Du skal lide
Mehlum, Jan: Ren samvittighet
Mæhle, Lars: Linnés dystre lærdom
Nore, Aslak: Oslo Noir
Tørring, Jorun: Mørketid
Yndestad, Monika: Gapestokk
Bøkene nedanfor fall ikkje heilt i smak hos meg. Dei har fått terningkast 3 og eg vil karakterisera dei som middelmådige.
Enger, Ragnar: Krypet
Enger, Thomas: Våpenskjold
Holterman, Sonja: Frostgraven
Jæger, Jørgen: Ridderkorset
Rohde, Hanne Kristin: Mørke hjerter
Teige, Trude: Jenta som sluttet å snakke
Eg er elles ganske "mett" av ny norsk krim akkurat no, men har ei bibliotekbok liggjande på vent som skal lesast med det fyrste: Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum. Eg skal også lesa dei nyaste bøkene til Chris Tvedt, Anne og Even Holt, Jan-Erik Fjell, Monica Kristensen og Marit Reiersgård - men eg kjem ikkje til å prioritera desse.
Resten av krimbokåret skal eg konsentrera meg meir om ymse utanlandsk krim.
Hei! Jeg er også kravstor til både krim og annen skjønnlitteratur. Men har likevel lest litt annerledes enn deg. Av femmerne dine har jeg kun lest Den 13.disippel, som jeg synes var fornøyelig og god. Av firerne dine har jeg lest Djevelnager, Du skal lide, Ren samvittighet, Mørketid og Gapestokk. De ga jeg også fire på bokelskere, med unntak av Mehlums bok og Djevelanger som fikk fem av meg. Den 13.disippel ga jeg også fem , ja.. Frostgraven og Mørke hjerter har jeg også lest og gitt fem og fire. Frostgraven fikk ekstrapoeng for å ha lagt handlingen til kjente trakter (Falstad). Mørke hjerter fikk score fordi jeg synes abeidsmiljøinnholdet var bra.. som spenningsroman er jeg enig at den ikke var så god.. Dr.Ferderikis kabinet avbrøt jeg etter 150 sider. Den kjedet meg.. Jeg har for mange bøker å lese..til å bruke tid på de som ikke fenger nok. Jeg har teiges og Mæhles bøker liggende, de skal til pers etterhvert.. Ha en fin kveld. Pstt.. har oppdatert Victoria-innlegegt mitt med noe om Kapsulotomi og noe om slutten. Den var elegant, synes jeg.. Har surret en del om bøkene i hodet i dag..
SvarSlettLeseopplevingar er forskjellige og lesesmaken ulik - og det er heilt naturleg at det er slik. Bøker som ikkje fengar må ein berre kutte ut, det er eg heilt enig i.
SlettJa, ikke sant.. Selv om det finnes visse kvalitetskriterier, vil interesse for tema, skrivetil og historie som fenger etc..virke inn.
SlettSer du har lest mye spennende krim i år. Artig å lese hvordan du tenker rundt det tekniske ved boken. Jeg bedømmer mer etter hvor mye boken fenger meg. Er den spennende og gjør meg oppslukt scorer den høyt, selv om det fyker forbi et par selvsagtheter eller småting som ikke henger helt på greip. Det som kjeder meg ved krim, men som godt kan tålereres i romaner er lange utmalinger av stemninger eller beskrivelser av ting, da stopper farten opp, for fart skal det være i en krim.
SvarSlettEneste 5`eren din jeg ikke har lest er Broren, kanskje jeg skal prøve meg på den. Oslo Noir begynte jeg å lytte til, men den kuttet jeg raskt ut, likte den ikke i det hele tatt. Takk for spennende lesetips Berit!
Så fint at eg kan bidra med tips :)
SlettEin kriminalroman der handlinga nesten stoppar opp på grunn av lange og detaljerte skildringar? Uff nei, det er kjedeleg. Ei krimbok må ha ei drivande handling og bør ha eit visst tempo.
Ja, og det var der Dr.Fredirkis kabinett falt gjennom hos meg..
SlettMoro! Jeg er enig med deg i at det gis ut for mye krim som ikke er "bra" - og så er jeg uenig i hvor du har plassert de ulike bøkene etter poengskalaen. Jeg liker det at vi lesere er uenige :)
SvarSlettEnig! Enig i at det er bra me er uenige!
Slett