29. januar 2015

Bestialitetens historie

Eg har nettopp lest ut Stillheten, den siste boka i 'Bestialitetens historie' - og tida er inne for å formulera nokre setningar om denne trilogien som vert sett på som hovudverket til Jens Bjørneboe. Verket består av tre frittståande romanar; Frihetens øyeblikk (som kom ut fyrste gong i 1966), Kruttårnet (1969) og Stillheten (1973). Alle omhandlar det same temaet; Det Ondes Problem og menneska sin ondskap - i ulike former, i eit europeisk historisk perspektiv. 'Bestialitetens historie' er med på lista over 1001 bøker du må lese før du dør.


Før eg starta på Frihetens øyeblikk for nokre månader sidan, hadde eg forventningar om at dette kom til å bli tungt fordøyeleg lesestoff. Det var det ikkje. Eg har tvert imot hatt ei stor leseoppleving - og mesteparten av æra for det skal jo forfattaren ha, men dernest er det Nils Ole Oftebro si fantastiske opplesing av lydbøkene. Opplesaren les med innleving og intensitet, med skiftande tempo og stemmeleie, som speglar innhaldet og forteljarstemma sine ulike sinnsstemningar.

Språkleg sett var Jens Bjørneboe konservativ; her er det fremnu og efter om gjeld, - ja faktisk også sneenøen og stenen. Til vanleg er eg ikkje særleg begeistra for riksmål, - det er eit stivt og unaturleg skriftspråk, - men her er det gjennomført og elegant, tykkjer eg, - og dessutan høyrest det nesten heilt naturleg ut når Oftebro les.

Det er vanskeleg å forklara kva bøkene handlar om, fordi dei har lite ytre handling. Det dreiar seg meir om vidløftige tankar og mykje filosofi. Kva er fridom? Kva er sanning? Kva er ondskap? Ein får ein kavalkade over alt det grusomme dei styrande; rettsvesenet, politiske system og kyrkja, har utført gjennom tidene. Kva er det som fører til ondskap? Kva med all ondskapen, brutaliteten og overgrepa som har skjedd opp gjennom historia - i Guds namn?
«Belgierne drev også en flittig misjonsvirksomhet blant de sorte. Efter noen år var Kongos befolkning redusert fra over 30 millioner til bare 8. Til gjengjeld var disse 8 blitt kristne.»
Eg likar makaber og morbid humor og tykkjer slik intelligent ironi er verknadsfullt. Bjørneboe viser lesaren inn i ei mørk verd; inn i dei mørke avkrokane av menneskesinnet og verdensutviklinga. Forfattaren fortel om ein del av verdenshistoria - utan filter - og skildrar ei lang rekke overgrep, straffemetodar, torturmetodar, henrettelsar og folkemord. Samt krigar, undertrykking og utbytting. Ein kan kanskje sei at det fyrst og fremst handlar om moral og umoral. Forteljaren, eller protokollføraren som hovudpersonen kallar seg, har eit ønskje om å forstå og forklara kvifor menneska er så opptatt av å pina og øydeleggja kvarandre.
«Fra mitt liv kan jeg nesten ikke huske annet enn mord, krig, konsentrasjonsleire, tortur, slavearbeide, henrettelser, utbombede byer og halvbrente barnelik.»
Eg meiner at ein trygt kan sei at tematikken er like aktuell i dag som for 40-50 år sidan; gjennom nyhendesendingar får ein dagleg stadfesta at menneske er onde og bestialske. Ein kan også forstå at bøkene i si tid vekte oppsikt og avsky.

Bjørneboe brukte fleire år på å skriva Bestialitetens historie - så skrivinga av desse bøkene sleit han ut, både psykisk og fysisk. Han vart utslitt, utbrend, alkoholisert og deprimert. Han hadde visstnok planar om å skriva 'Frihetens historie' etter at han var ferdig med 'Bestialitetens historie' - men så langt kom han aldri. To år etter at Stillheten kom ut, tok Bjørneboe sitt eige liv.

Eg er litt forundra over at eg likte bøkene - og klarar ikkje heilt å forklara kva som gjorde det. Bøkene kan sikkert tolkast på ulike måtar, alt etter kva bakgrunn og bakgrunnskunnskapar ein har. Mot slutten av Stillheten datt eg litt av lasset; det vart så mykje prat og det vart for fabulerande og filosofisk for meg. Ein føler ikkje akkurat leseglede medan ein les, det er heller ikkje spesielt spennande eller underhaldande, men likevel altså: Det vart ei mektig leseoppleving. Eg trur det er kontrasten mellom dei grusomme forteljingane og dei vakre formuleringane som gjer det. Dessutan er det tidlause i forteljinga så tankevekkjande - og så brutal.

Men heilt på slutten av Stillheten kan ein lesa følgjande:
«Jeg tror ikke at mennesket er ondt, eller at mennesket er godt, - jeg tror at mennesket er delvis ondt og delvis godt. Hvilken side som skal få vokse og utvikle seg, avhenger av oss selv. På en planet hvor mennesket fritt har valgt å la seg brenne levende for sannhetens skyld, må det gode ha store muligheter.»
Jens Bjørneboe (1929 - 1976) var ein markant og omstridd forfattar; han var (og er framleis) både omtykt og utskjelt. Dei engasjerte og kritiske romanane hans om ymse kontroversielle tema gjorde at han sjølv var ein omdiskutert person. Han vart i si tid eit idol for mange unge fordi han var ein rebell; ein opprørar med djup forakt for autoritetar. Det kan nemnast at han, trass i at han vaks opp i eit høgst borgarleg miljø, som ung skuleelev vart så "uhandterleg" for lærarane sine at han vart utvist frå skulen. Seinare vart han - særleg gjennom bøkene sine - ei refsande og provoserande stemme i samfunnsdebatten.

5 kommentarer:

  1. Exellent! Jeg gikk opp til norsk muntlig på disse bøkene, som selvsagt særpensum på vg.skole-- Leste vel ellers alle bøkene hans.. og er vel en av mine absolutt fremste favoritter. Interessant gjensyn å lese ditt innlegg..:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bjørneboe var populær i vår ungdom - men eg las kun Jonas, og berre enkelte utdrag, så vidt eg hugsar.
      Har du lest Bjørneboe i meir "vaksen" alder? Var leseopplevinga annleis?

      Som særpensum på vidaregåande hadde eg "Forbrytelsar og straff" og las m.a. Papillon, som eg vart svært begeistra for. Eg har altså alltid vore interessert i temaet og lest mykje innan dette. Kriminteressa har eg hatt med meg frå ung alder.

      Slett
    2. Jeg har vel ikke lest noen romaner av Bjørneboe de senere år. Jonas og Uten en tråd var vel de siste romanene jeg leste, sånn midt i tyveårene tror jeg -- Men diktene hans leser jeg med jevne mellomrom, og noen av essayene og brevene har jeg vel også lest senere.. Jeg har selv lurt på hvordan det ville vært å lese Feks Frihetens øyeblikk og resten av trilogien nå.. Den vil jo sannsynligvis ikke gjøre samme inntrykket fordi det er et lite hav av kunnskap og livserfaringer i mellom.. men det kan jo hende den hadde gjort et annerledes inntrykk, hva vet jeg.. Vet ikke om jeg tør å ødelegge opplevelsen jeg hadde som ung ved å lese den på nytt nå.. For meg var disse bøkene skjellsettende den gangen.. Dostojevskij på vg.skole var jaggu meg heller ikke noe småtteri.:)

      Slett
  2. Jeg tenkte først som deg at dette må være tungt. Utrolig at du har lest alle tre bøkene, og gir denne en 5`er på terningen. Tror ikke jeg har lest noe av denne forfatteren, så det er bare å sette i gang :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje tung lesing, men ein må vera førebudd på at det er ein del tøff og brutal lesing. Med eit ope sinn er det ikkje noko problem å komma gjennom bøkene.
      Eg må presisera at eg ikkje las alle på rappen - det kunne nok blitt tungt og trasig og vanskeleg. Eg las den fyrste i fjor vår, nummer to i haust og altså denne siste no i januar.

      Slett