Foto:Linda Engelberth |
Edvard Hoem
Norsk forfattar f. 1949.Hoem er i løpet av dei siste par åra blitt ein Favoritt med stor F for meg. Eg har teke føre meg dei fleste historisk-biografiske romanane hans - og er fascinert av forteljarmåten og imponert over kunnskapen hans. Han skildrar folk og miljø med respekt, engasjement, openheit og forteljarglede. Språket hans er stilsikkert og poetisk.
Edvard Hoem har gitt ut over 40 bøker; romanar, skodespel, dikt, essays og biografiske verk. Han er også kjend som salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Det store gjennombrotet kom med romanen Kjærleikens ferjereiser i 1974. For den boka og for Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk råds litteraturpris. I 2013 fullførte han sitt fire band store og kritikarroste biografi om (dobbeltgjengaren sin) Bjørnstjerne Bjørnson.
http://www.elizabethgeorgeonline.com/ |
Elizabeth George
Amerikansk kriminalforfattar f. 1949
Kanskje ikkje den heilt store favoritten no lenger, men opp gjennom åra har eg lest og likt "utallige" bøker frå denne produktive forfattaren.
Dette er dama bak radarparet Lynley og Havers som mange kjenner frå TV-skjermen. George er altså amerikansk, men i bokserien skildrar ho dei ulike sidene av det britiske samfunnet så godt at sjølv engelsmennene reknar ho som ei av sine eigne. Det er då også BBC som har produsert TV-seriane om det umake paret: Sir Thomas Lynley; den perfekte og adelege og Barbara Havers; frå den heilt andre kanten av den sosiale rangstigen. Samspelet og samhandlinga mellom dei to er svært godt skildra i bøkene og er med på å gjera dei til gode leseopplevingar.
Elizabeth George debuterte med Mørkets gjerninger i 1988 og den 18. og førebels siste (utgitt på norsk) er Bare en ond handling frå 2013.
To namn som for meg er "nesten-favorittar" på E er krimklassiske Edgar Allan Poe og den friske svenske krimkometen Emelie Schepp.
Mange har sikkert den italienske forfattaren Elena Ferrante som ein soleklar favoritt-E. Eg óg prøvde meg på Mi briljante venninne for ei tid tilbake, men det vart det ikkje spesielt vellukka, for å sei det slik..
Kven har du som favoritt på E?
Ernest Hemingway og Erich Maria Remarque?
Erlend Loe og Erik Fosnes Hansen?
Eystein Hansen og Eirik Husby Sæther?
... eller E.L. James?
Jeg har faktisk to norske favorittforfattere på E, nemlig Erlend Loe (siden fornavn er lov) og ikke minst Tomas Espedal. Jeg pløyer jevnt og trutt forfatterskapene deres og gir meg nok ikke før jeg har har lest alt begge har skrevet :) Jeg har faktisk ikke lest noe ennå av Edvard Hoem... selv om jeg vet jeg burde. Ernest Hemingway liker jeg, han har jeg ei bok med meg av på ferie her - Farvel til Våpnene. Elizabeth George kjenner jeg faktisk ikke, og må google!
SvarSlettJa, du burde lesa Hoem. Verkeleg. Eg tykkjer han skriv fantastisk. Elizabeth George har på ein måte gått ut på dato. Dei siste bøkene hennar er så altfor lange, og det er nok berre Lynley og Havers-fansen som har litt glede av dei.
SlettSjølv har eg aldri lest Espedal - noko eg burde gjort kanskje. Eg innbiller meg at han ikkje er noko for meg. Erlend Loe kjenner eg betre, og eg las Doppler tidlegare denne månaden. Morosamt og kleint.
Morsomt og kleint er perfekt beskrivelse :) Mye samfunnsrealisme i Loe-bøkene, og så skriver han virkelig på kanten absurd. Temmelig lik Paasilinna, syns jeg. Espedal er noe helt annet. Se bort fra mannen Espedal, og les forfatteren. Han er virkelig god. Imot Naturen er en god start. Han trengs ikke leses kronologisk.
SlettJa, Hoem må jeg absolutt lese. Står over George, tenker jeg, om du synes hun er utgått på dato. Noen gjør faktisk det, selv om Agatha Christie ennå overlever tidens tann. Leste nettopp første Poirot-boka hennes. Fremdeles fornøyelig 100 år etter utgivelse.
Så moro at du har begynt med dette! Det var kjempemoro å lese igjennom det du har kommet fram til så langt. Kos deg videre med kåringa! :)
SvarSlettKjekt at du likte det. Det er jo du som har inspirert meg til å ta fatt på denne gjennomgangen.
Slett