Ingvar Ambjørnsen
Norsk forfattar f. 1956Folkekjær og allsidig forfattar med ein stor produksjon bak seg. Ambjørnsen er opphavet til kjende og kjære karakterar som Pelle og Proffen og Elling og Kjell Bjarne. Det vert hevda at han er Noregs mest filmatiserte forfattar.
For min del er det krimforfattaren og krimanmeldaren Ambjørnsen eg har hatt mest erfaring med, men han har skrive bøker i mange sjangrar og stilartar.
Som det skriveglade og samfunnsengasjerte menneske han er, har han sin eigen blogg der han tek opp ulike aktuelle (og ofte kontroversielle) tema.
Ambjørnsen er blitt tildelt mange ulike litterære prisar, m.a. Rivertonprisen, Brageprisen og Bokhandlerprisen.
Inger Hagerup
Norsk lyrikar f. 1905, d. 1985.Har betydd mykje for norsk barnelitteratur; dikta/versa Mauren, Lille Persille og Så rart kjenner alle til. Elles er ho kanskje mest kjent for motstandsdiktet frå 1941; Aust-Vågøy - det som startar med "De brente våre gårder. De drepte våre menn" og for kjærleiksdiktet To tunger. Og adventsdiktet hennar "Så tenner vi ett lys i kveld.." vert henta fram kvar einaste desembermånad.
Ho skreiv også høyrespel, fleire erindringsbøker og jobba som oversetjar og gjendiktar. Begge sønene hennar, Klaus og Helge, vart forfattarar. I biografien Klaus Hagerup skreiv om mora fortel han at det ikkje var så enkelt for henne å kombinera rollene som kvinne, mor og forfattar.
Forfattarskapet hennar var prega av samfunnsengasjement, men ho skreiv for enkeltmenneske - og på ein måte som enkeltmenneske kan forstå. Det syner ho i diktet Vær utålmodig menneske!
- - - -
Favorittforfattarar etter alfabetet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar