Eg har lese fleire bokseriar om det 20. hundreåret. Til dømes serien om Det store århundret av Jan Guillou, Gunnar Staalesen sin århundretrilogi og Ken Follett sin omfattande trilogi. Eg har hatt stor glede av alle desse bøkene/bokseriane; underhaldande, lærerike, omfattande og langvarige som dei er.
Speletid 24:19
Det vakreste i livet, er det det som øyet kan se, eller øret kan høre? Er det det som en hånd kan finne og røre ved? Eller finnes det ingenting vakrere her på jorda, kanskje, enn tanken som formes av lengselen, sulten etter det vakre?
Er det ikkje vakkert?
Og er ikkje framsidebiletet fint? Det viser seg at det er eit utsnitt av eit bilete teke i Sverige i 1922 av ein omreisande bygdefotograf. Etter nokre nettsøk fann eg også namna på dei fotograferte. Ein ser kor stolt denne kvinna (Sofia Axelina Johansson f. Wiberg 1899-1978) viser fram barnet sitt (Karl Artur Torwald Johansson 1920-1970). Mannen til venstre er bror hennar Nils Reinhold Gudbrand Wiberg 1901-? og han som held kjerra er mannen hennar "Snus Oskar" Karl Oskar Gottfrid Johansson 1890-1971. Les meir her.
Me har ei mørk historie når det gjeld handsaminga av taterfolk, romfolk og reisande, både her i landet og andre stader. Det gjer difor av og til nesten fysisk vondt å lesa denne trilogien. Britt Karin Larsen fortel med ekte engasjement, utan å gjera det sentimentalt og utan å vera dømmande. Men enkelte gonger kan ein ana harmen og sorga bak dei nøkterne skildringane.
Sangen om løpende hester er ei sterk avslutning av ein gripande og lærerik trilogi. Bøkene fortel om familie og generasjonar, om kjærleik og hat, om stoltheit og skam, om liv og død. Dessutan får me ei påminning om at landet vårt har vore fleirkulturelt i fleire hundre år.
Boka har mange forteljarstemmer som ein berre får glimt av medan andre får større plass. I tillegg finst det ei svevande, samlande og allvitande forteljarstemme som driv handlinga framover.Av og til går ein litt i surr i alle personane, familiane og stemmene, men eg fann ut at eg ikkje skulle henga meg så opp i kven som var i slekt med kven og kven som sa og gjorde kva og når.
Det luraste er å lata forteljinga gå sin gang og å lata seg flyta med.
Denne boka er utrolig bra, hun skriver så bra og folk har endelig fått opp øynene for hennes bøker. Jeg elsker alle hennes bøker og heldigvis har jeg blitt kjent med henne personlig etter hvert også.
SvarSlettEg er sjølvsagt heilt enig med deg. Eg har ikkje lest alle bøkene hennar, men ganske mange. Ho har ein formidlingsmåte/-evne som er heilt unik. Stillferdig og poetisk, men også nøkternt og sterkt.
SlettOg tenk at du kjenner henne personleg. Så stas!