Viser innlegg med etiketten Vidar Kvalshaug. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vidar Kvalshaug. Vis alle innlegg

13. august 2013

Blåblåmandag på ein tysdag

Forfattaren, forleggaren, litteraturanmeldaren og kommentatoren Vidar Kvalshaug kjem med ny bok; ein politisk underhaldningsroman som vert publisert på Dagbladet.no. Kvar vekedag fram til stortingsvalet den 9. september kan ein få lesa eit nytt kapittel av denne nye romanen som har fått tittelen Blåblåmandag. Boka startar slik:
"Det er kveld, niende september 2013. I flere hundre tusen norske kjeller- og loftsstuer og stoler fra Ekornes, er det ettertenksomt og mutt."
Eg trur dette vert fornøyeleg lesnad for oss som likar politisk satire. Ifølge Dagbladet er boka "en underholdningsroman om bokloven, nakenbilder, maktbruk og en ulykkelig Venstre-velger." Kvalshaug har teke utgangspunkt i at han sjølv er ein frustrert Venstre-veljar: "Jeg har veldig lyst til å stemme Venstre, men hvis jeg gjør det bidrar jeg til å føre Frp inn i regjering", seier han.

Kapittel 1 kan lesast i dagens papirutgåve av Dagbladet
I det fyrste kapittelet får me følgjande skildring frå TV-valkvelden:
"Hun som står på plassen Geir Helljesen pleide ha, blir mer og mer ivrig. Kakediagrammet blir blåere og blåere, som et stort sår etter en sykkelvelt. Andelen stemmer som er telt opp blir høyere og høyere og Venstre har ikke vært over sperregrensen siden omtrent Hamar eller Kristiansand ble meldt inn."
Vidar Kvalshaug har tidlegare gitt ut romanar, novellesamlingar og barnebøker, men er kanskje best kjend som samfunnsdebattant, kommentator og twitrar.

Denne "boka" er mitt bidrag til Beathe sitt boktema "Boken på vent" i dag. Ønskjer du å sjå andre ventebøker og få nokre boktips, klikk deg inn hos Beathesbokhylle.