Cappelen Damm 2014
431 sider
Kjelde: Lånt på biblioteket
Riksnerden og historikaren Hans Olav Lahlum debuterte som krimforfattar med Menneskefluene i 2010, og sidan har han - innimellom alt det andre han deltek på og jobbar med - skrive krimromanar i eit svært høgt tempo. Tidlegare i haust kom den sjette boka i retrokrimserien hans; Maurtuemordene.
Patricia Borchman og Kolbjørn "K2" Kristiansen er fortsatt hovudpersonar, men innhaldsmessig er det meir psykologi enn tidlegare. Boka handlar om ein særdeles utspekulert seriemordar og startar med eit blikk direkte inn i hovudet til ein person som er i ferd med å begå eit mord. Med jamne mellomrom får lesaren lesa dei kursive tankane til denne mordaren.
Maurtuemordene er meir uoversiktleg enn Lahlum sine foregåande krimromanar. Persongalleriet er omfattande, analysane intrikate og forviklingane mange.
Krimserien til Lahlum er underhaldningskrim, men kan ikkje karakteriserast som kosekrim. Bøkene hans inneheld lite grove valdsskildringar og er på den måten ulik mykje av dagens kriminallitteratur. Forfattaren er inspirert av ulike klassiske kriminalromanar. Han legg vekt på motiv og alibi, spor og villspor, analysar og resonnement. Han gir også eit ganske fornøyeleg glimt av kultur, politikk og andre tidsbilete frå fyrste halvdel av 1970-talet.
Ein seriemordar er på ferde i Oslo våren 1972. Fleire unge kvinner blir drept, tilsynelatande utan system og motiv. Ved sidan av lika er det plassert eit bilete av ein maur. Det heile er sjukt og skremmande; det virkar som om mordaren drep kun for merksemda og spenninga si skuld. Ikkje eingong K2 sin rådgjevar, superintelligente Patricia, skjønnar noko. Det fyrste offeret er ein prektig teologistudent, nummer to er ei vilter jazzsangerinne og dernest følgjer ei ung formuande dame frå beste vestkant. Ingenting ser ut til å vera fellesnemnar for ofra. Frustrasjonen og frykta for ein lystmordar brer om seg.
Eg anbefalar serien om K2 og Patricia til alle som likar god gammaldags krim, men du bør vera førebudd på at handlinga er omstendeleg og at skrivestilen er saktegåande. Maurtuemordene er ei bok som må lesast nøye og ganske sakte. Boka er så finurleg og detaljrik at eg har brukt unormalt lang tid på lesinga. Eg har egentleg meir sans for krim med meir drivande handling og høgare tempo, men boka passar likevel godt til mine "litterære smaksløkar" (for å sei det med eit lahlumsk uttrykk).
Språket i serien er spesielt og snirklete, for liksom å understreka kor lenge det er sidan 1972.
Gjennomgangstemaet/sideplottet i serien som handlar om K2 sitt problematiske forhold til kvinner, er med på å gjera bøkene ufrivillig morosame og litt småpinlege. I denne boka skjønnar K2 omsider at han er forelska i ein viss person, men eg skal ikkje her røpa om han gjer noko meir med det..
Kjenner eg Lahlum rett, går det ikkje så lang tid før neste bok i serien kjem ut - og då får me vita meir om kva som skjer med etterforskarlivet og kjærleikslivet til Kolbjørn "K2" Kristiansen.
Artig å lese den fine omtalen din. Har lest de andre bøkene i denne serien, men fikk litt nok av stilen. Gammeldags, saktegående krim er ikke helt min greie :) Gøy å lese om boken, åkke som :)
SvarSlettTakk for det :)
SlettKvar sin smak - heldigvis. Innimellom er det greit med "langsame" bøker også, tykkjer eg.
Litt kjedelig syns jeg. Spesielt forfatterens beskrivelser av følelser blir litt grunne Det sin burde forklares med tekst forklarer forfatteren selv i ganske banale betraktninger.
Slett