Vinternatt
No kveiker Vårherre sitt joletre
i den kvite vinternatt.
All den glitrande stasen, barn
vilde du gjerne hatt.
Himmelgrani so fin og blå
har greiner av tandrande ljos;
karlsvogner kjem frå langferd der,
og måneskip siglar sin kos.
Du vil gripa og leika, barn.
og kanskje skal di hand
ein gong plukka månar ned
og sløkkja stjernor i brand.
i den kvite vinternatt.
All den glitrande stasen, barn
vilde du gjerne hatt.
har greiner av tandrande ljos;
karlsvogner kjem frå langferd der,
og måneskip siglar sin kos.
og kanskje skal di hand
ein gong plukka månar ned
og sløkkja stjernor i brand.
- Olav H. Hauge
- - - - - - - - - - - - - - -
Med ynskje om ei koseleg og fredfull jul
til alle blogglesarar og bokvener
- - - - - - - - - - - - - - -
Denne bloggen tek julepause nokre dagar. Eg kjem tilbake i romjula med ein årskavalkade og ein oppsummering av leseåret 2014.
God jul Berit! I dag snur sola! Hurra!
SvarSlettGod jul Berit! Jeg stemmer i med Anita og jubler over at vi no bikker den mørkeste dagen :) Håper du får en fin julepause.
SvarSlettTakk det same, begge to: Riktig god jul!
SvarSlettSola snur - ifølge http://www.timeanddate.no/astronomi/vintersolverv i natt 22. desember kl. 00:03. Så no har me "nådd bunnen" som det heiter - og det er godt å tenkja på.