Speletid: 9 t 12 min
Opplesar: Christoffer Staib
Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Eg hadde ikkje høyrt om verken boka eller forfattaren Carl-Johan Vallgren før eg las ein fristande omtale på Tine sin blogg i haust ein gong. Tusen takk for supert tips, Tine. Dette vart - om ikkje akkurat inner-tiar, så i alle fall nær midt i blinken.
Eg er i utgangspunktet begeistra for svensk krim, og det var gledeleg å oppdaga ein "ny" og dyktig krimforfattar. Vallgren er egentleg ein etablert forfattar - dette er krimdebuten hans som han gav ut under pseudonymet Lucifer i nabolandet. Her i landet er ikkje forfattaren så kjend, så her vert boka utgitt med forfattaren sitt verkelege namn.
Boka startar med eit tilbakeblikk til året 1970, då 7 år gamle Kristoffer vart kidnappa. Guten tilhøyrde den velståande familien Klingberg, men det vart aldri kravd løysepengar og guten vart aldri funnen. Foreldra gjekk til grunne og veslebroren Joel vaks opp med kun ein skygge av ein bror.
40 år etter forsvinning-/kidnappingssaka - i notid - forsvinn så Joel, mest sannsynleg frivillig ifølge politiet. Men kona hans oppsøker Joel sin gamle ven Danny for å få hjelp - fordi Danny var den einaste Joel stolte på. Kva har skjedd? Er familien råka av ein ny tragedie? Er det ein samanheng mellom forsvinningane? Korleis? Kvifor? Gradvis og undervegs får både Danny og lesaren kjennskap til stadig nye moment, skjulte opplysningar og gamle minner. Det vert farleg - livsfarleg - for Danny og personane rundt han.
Danny Katz er ein særeigen karakter; ein protagonist utanom det vanlege som eg fekk sans for. Skyggegutten har, forutan ein spennande hovudperson, mange av dei ingrediensane eg likar at ei spenningsbok har: Høgt tempo, skiftande perspektiv, neglebitande spenning og eit litt komplisert plott. Det handlar - mellom anna - om eit forsvunne barn, skjulte familehemmelegheiter og ein uskuldig mann som absolutt "alle" er ute etter og jaktar på. Med andre ord: Me har på ein måte lest/høyrt/sett det før - men Vallgren gjer det på ein svært dyktig måte: Han har sin eigen spesielle vri og syner ekte forteljarglede.
Eg gir Skyggegutten ein stor og blank 5'ar på terningen og har høge forventningar til neste bok i det som skal bli ein thriller-serie frå Carl-Johan Vallgren. Boka passar til deg som likar forfattarar som Jussi Adler-Olsen, Lars Kepler og Jo Nesbø. Opplesar Christoffer Staib er dyktig og les lydboka i eit passande tempo og med akkurat passe innleving.
Tusen takk til Lydbokforlaget som sende meg lytteeksemplar.
Herlig omtale! Har gode fjellturminner fra da jeg hørte denne. Jeg likte den minst like godt som deg, men jeg er enig at en bør være litt konsentrert når en lytter :)
SvarSlettVeldig enig i denne omtalen. Fin og spennende bok og gleder meg til fortsettelsen i denne serien....
SvarSlettDenne har jeg lyst å lese/skal lese, jeg spottet den da jeg så den i forlagskatalogen.. Jeg har lest Den vidunderlige Kjærlighetens historie av Valgren, en fantastisk bok. Skyggegutten er dog hans første krim.. God helg::)
SvarSlett